Sjukepleiar på Voss sjukehus, Medisinsk seksjon
- Arbeidsgiver
- Voss sjukehus/ Voss Medisinsk seksjon, Helse Bergen
- Stillingstittel
- Ledige stillingar for sjukepleiarar ved Voss sjukehus
- Frist
- 25.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Me treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar
Medisinsk seksjon har ein generell indremedisinsk sengepost med 20 heildøgnsplassar. Her møter du mange ulike profesjonar. Me behandlar pasientar med ulike diagnosar - til dømes hjarte, lunge, nyre, infeksjonar, diabetes og kreft. Me har nært samarbeid med andre seksjonar på sjukehuset, Haukeland Universitetssjukehus og kommunale tenester.
Medisinsk sengepost er ei aktiv avdeling med varierte arbeidsoppgåver, godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse. Dersom du ynskjer å opparbeide deg brei og solid erfaring, samt god kompetanse innafor fleire spennande fagområde, søk jobb hjå oss!
Medisinsk avdeling har behov for sjukepleiar i 3-delt turnus og kvar 3. helg. Tilsetjing etter nærare avtale. Søkjarar som av ulike årsaker ønskjer redusert stilling vert og oppmoda til å søkje.
KARRIEREUTVIKLING
Voss sjukehus tilbyr eit spanande fagmiljø med moglegheit for etter- og vidareutdanning innan ulike fagfelt, til dømes jordmor, operasjon, intensiv og akuttsjukepleie.
OM SJUKEHUSET
Voss sjukehus har akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi og ortopedi, føde- og gynekologi. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar. I tillegg kjem det pasientar frå randkommunane.
OM VOSS
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom Ekstremsportsveko, som vert arrangert kvart år. Nord-Europas mest moderne gondolbane ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.
Arbeidsoppgåver
- Medikamenthandtering
- Yte omsorg for pasient og pårørande
- Observasjon og oppfølging av inneliggjande pasientar
- Kontakt med pasient og pårørande
- Teamarbeid med andre yrkesgrupper for beste pasientbehandling
Kvalifikasjonar
Du må:
- Ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
- Bidreg positivt fagleg og kollegialt
- Verdset å halde deg fagleg oppdatert
- Har pasienten i fokus
- Evner å arbeide sjølvstendig samstundes som at du er ein god lagspelar i team
- Er strukturert og tek ansvar
- Har gode kommunikasjonsevner
- Er tilpassingsdyktig og fleksibel
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard
- Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sissel Marie Finne, Assisterande seksjonsleiar, 56533735Linn Christine Zwartjes De Wolfe, Seksjonsleiar, 95890493
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 165700 Voss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4882912848
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.11.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sjukehusvegen 16, 5700 Voss
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier
- FINN-kode
- 379514123
- Sist endret
- 11. nov. 2024 07:31