Bioingeniør
- Arbeidsgiver
- Patologi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Bioingeniør
- Frist
- 24.11.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Bli ein del av vårt sterke team ved Avdeling for patologi i Ålesund!
Er du bioingeniør med sans for kvalitet og effektiv prøveflyt? Hos oss finn du eit godt arbeidsmiljø der du kan utvikle deg fagleg og bidra til viktig diagnostikk. No har vi ei ledig fast 100 % stilling, og ved internt opprykk kan det også bli ledig ei vikarstilling i tilsvarande prosent.
Avdeling for patologi er lokalisert på Ålesund sjukehus og høyrer til Klinikk for diagnostikk i Helse Møre og Romsdal HF. Vi har fem overlegar og fire LIS-legar, og vi tilbyr høgt kvalifisert patologi for primær- og spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal, som dekkjer over 270 000 innbyggarar. Med om lag 28 000 histologiprøver, 20 000 cytologiprøver og 80 obduksjonar årleg, er vi ei aktiv og engasjert avdeling. Avdelinga har per i dag kun dagarbeid.
Her vil du finne eit tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø som støttar deg i utviklinga di!
Vi ber om at vitnemål og attestar/tenestebevis frå evt tidlegare arbeidsforhold blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad
Arbeidsoppgåver
Hos oss vil du få grundig opplæring og vil arbeide med prøvemottak, snitting, spesialfarging og andre viktige fagområde innan patologi.Kvalifikasjonar
- 3-årig bioingeniørutdanning
- Norsk autorisasjon
- Relevant praksis innan fagfeltet vil bli prioritert.
Personlege eigenskapar
- Lærevillig
- Samarbeidsvillig
- Uthaldande
- Nøyaktig
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Hilde Guttormsen, Avdelingssjef, +47 70 10 66 37Arbeidsstad
Åsehaugen 56017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4873123987
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.11.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell
- FINN-kode
- 379536764
- Sist endret
- 11. nov. 2024 07:42