Stipendiat i medievitskap - IMAGINE
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Bergen
- Stillingstittel
- Stipendiat i medievitskap - IMAGINE
- Frist
- 10.12.2024
Beskrivelse
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Om prosjektet/arbeidsoppgåver:
Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til ei stilling som stipendiat ved Institutt for informasjons- og medievitskap. Stillinga er for ein åremålsperiode på 3 år.
Vi søkjer ein kandidat som er interessert i å forske på haldningar til ny medieteknologi.
Stillinga er knytt til prosjektet Citizen perceptions of AI in everyday media life (IMAGINE), leia av professor Brita Ytre-Arne. Prosjektet er finansiert av Norges forskningsråd for perioden 2025-2028, og er eit samarbeid mellom Universitetet i Bergen (UiB) og Universitetet i Oslo (UiO). IMAGINE handlar om korleis folk i Norge oppfattar kunstig intelligens (KI), og studerer endringar i tillit og forståingar i ei tid der KI blir del av medium folk bruker i kvardagen.
Stipendiaten skal ta del i å utforme spørsmål og analysere data frå originale representative spørjeundersøkingar og survey-eksperiment om haldningar til KI, utført i samarbeid med Norsk medborgarpanel. Aktuelle problemstillingar kan handle om å kartlegge kva slags medium folk forbinder med kunstig intelligens, utforske døme frå journalistikk eller politisk kommunikasjon, forstå haldningar til ulik bruk av KI i media, implikasjonar for tillit og truverd, forskjellar mellom sosiale grupper, eller utvikling i haldningar over tid.
Stipendiaten vil bli del av eit dynamisk, inkluderande og tverrfagleg miljø, i IMAGINE-prosjektet og i Mediebruksgruppa ved UiB, som legg vekt på å støtte unge forskarar.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Mastergrad i medievitskap, sosiologi, samfunnspsykologi, statsvitskap eller tilsvarande utanlandsk utdanning. Graden må vera avlagt innan fristen for søknaden.
- Minstekravet for søkjarane skal normalt vere B, eller betre, både på masteroppgåva og for mastergraden som heilskap.
- Interesse for forskingsmetode er viktig, og dokumenterbar metodekunnskap er ein fordel. Erfaring med analyse av survey-data kan telje positivt, men er ikkje eit krav.
- Søkjarar bør vere motiverte for å lære seg statistiske analysar og relevant programvare.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar. Det er ein fordel å forstå norsk eller eit anna skandinavisk språk, men ikkje eit krav.
- Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli vektlagd. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Aktuelle kandidatar vil bli innkalla til intervju.
Kandidatar vert tilrådd å gjere seg kjent med følgjande:
- Mediebruksgruppa ved UiB: https://www.uib.no/fg/mediebruk
- Norsk medborgerpanelet ved UiB: https://www.uib.no/medborger
- Prosjektskildringa for IMAGINE, som kandidatar kan få tilsendt ved å kontakte arbeidspakkeleiar Erik.Knudsen@uib.no
Nokon aktuelle publikasjonar:
- Ytre-Arne, B., & Moe, H. (2021). Folk theories of algorithms: Understanding digital irritation. Media, Culture & Society, 43(5), 807-824. https://doi.org/10.1177/0163443720972314
- Knudsen, E. (2023) Modeling news recommender systems’ conditional effects on selective exposure: evidence from two online experiments, Journal of Communication, 73(2) 138–149, https://doi.org/10.1093/joc/jqac047
- Knudsen, E., Dahlberg, Iversen, Johannesson & Nygaard (2021) How the public understands news media trust: An open-ended approach. Journalism, vol 23 (11). https://doi.org/10.1177/14648849211005892
For stillinga gjeldt følgande:
Om stipendiatstillinga:
Samla stipendiatperiode er tre år. Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling, kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om ph.d.-utdanninga:
Som stipendiat skal du delta i ph.d.-utdanninga ved Det samfunnsvitskaplege fakultet, UiB. Utdanninga har ei normert tidsramme på 3 år, og leiar fram til ein ph.d.-grad. For opptak må du ha fullført mastergrad. Omfanget av mastergraden må normalt vere på 120 studiepoeng og bygge på ein bachelorgrad på 180 studiepoeng (normalt 2+3 år), eller ein integrert mastergrad av 300 studiepoeng (5 år). I mastergraden skal det normalt inngå eit sjølvstendig arbeid av eit omfang på minimum 30 studiepoeng. Mastergraden skal normalt vere innan det fagområdet det vert søkt om opptak til.
Vi tilbyr:
- Stilling som stipendiat (kode 1017) med årsløn kr. 540 500, - brutto (lønssteg 55 i det statlege lønsregulativ). Automatisk lønsutvikling for opptil 4 år med 3% årleg stiging.
- Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og undervising.
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Ph.d.-prosjektet:
Ei kortfatta idéskisse (2-3 sider) for eit doktorgradsprosjekt skal ligge føre saman med søknaden. Skissa skal gjere greie for moglege problemstillingar og analytiske rammeverk, og innehalde framdriftsplan for dei ulike delane av forskingsarbeidet. Ved tilsetjing vil kandidaten utarbeide ei meir omfattande prosjektskildring i samarbeid med rettleiar og prosjektleiar, og denne vil vere grunnlag for opptak til ph.d.-utdanninga. Fakultetet har utarbeida ei rettleiing for skriving av prosjektskildringa.
Søknaden skal innehalde:
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjon for å søkje stillinga
- Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar. Ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve
- Idéskisse
- CV
- Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad
- Relevante attestar
- Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
- Eventuelle publikasjonar
- Dersom du har mastergrad frå utanlandsk lærestad, eller 2-årig disiplinbasert mastergrad (eller tilsvarande) innan eit anna fagområde enn du vil bli knytt til, kan du verte bede om å sende inn ei oversikt over pensum til den mastergraden du har oppnådd
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastas opp i Jobbnorge via link på denne sida.
Søknadsfrist: 10. desember 2024. Søknaden må merkast: 24/14570
Søknader utan prosjektskildring eller søknader som vert sende på e-post vil ikkje verte vurderte. Berre vedlagte dokument vil bli lagt til grunn for vurdering.
Generell informasjon:
Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til førsteamanuensis Erik Knudsen, som leiar den delen av prosjektet stipendiaten vil vere tilknytt: Erik.Knudsen@uib.no.
Praktiske spørsmål kring søknadsprosessen kan rettast til HR – rådgjevar Pernille Hole, pernille.hole@uib.no.
Den som vert tilsett vil bli tatt opp i fakultetet si ph.d.-utdanning. Eventuelle spørsmål om ph.d.-utdanninga kan rettast til: bodil.hagland@uib.no.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- postboks 7802, 5020 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Annet, Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 379586984
- Sist endret
- 11. nov. 2024 09:11