Spennande stilling ved våre dagsenter!
- Arbeidsgiver
- Vindafjord kommune Heimetenesta
- Stillingstittel
- Ringevikar til dagsenter for eldre
- Frist
- 26.11.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Me søker:
Ein engasjert og fleksibel medarbeidar til ringe/ferievikar til våre dagsenter ved Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet.
Kvalifikasjonar:
- Fagbrev eller anna relevant utdanning/praksis er å foretrekke
- Me søker deg som er fleksibel, har eit genuint ynskje og evne til å gje omsorg, må vera sosial, kreativ og liker ein aktiv kvardag.
- Må ha førarkort klasse B.
- IKT kompetanse
Hovudarbeidsoppgåver:
- Planlegging av aktivitetar
- Gjennomføring av daglig drift
- Tilrettelegga og bidra til aktiviteter slik at brukarane motiveres og stimuleres til eigeninnsats
- Samarbeid med heimetenesta
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerlig utvikling av tenestene våre
Me kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- Faglege utfordringar og utvikling
- God opplæring og samarbeid med andre
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
- Stillingen er på dagtid, måndag t.o.m torsdag
Personlege eigenskapar:
- Gode munnlege og skrifteleg norskkunnskap minimum nivå B2.
- Fagbrev eller anna relevant utanning og eller yrkeserfaring.
- Grunnleggande datakunnskap.
Lønsvilkår:
Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Andre opplysningar:
Det må påreknast oppmøtestad ved både Ølen omsorgssenter og på Vindafjordtunet.
Dagsenter for personer med demens og dagsenter for eldre heimebuande skal gi tilbod til eldre med funksjonsnedsetting og som har behov for tilrettelagt aktiviter og sosial deltaking, eller dersom pårørande har behov for avlastning.
Mål for dagsenter:
Målet for tenesta er å medverka til auka aktivitet og trivnad i kvardagen og hjelp til å oppretthalde eige funksjonsnivå, slik at eldre kan bu heime lengst mogleg. Tenesta har fokus på å skapa gode opplevingar via sansane, gjennom ulike aktivitetar som song, musikk, matlaging, turar og sosialt fellesskap.
Brukermedverknad:
Gjennom dialog mellom brukar, pårørande og fagutøvar ynskjer tenesta å få til gode aktivitetstilbod som er tilpassa brukaranes interesser, ynskjer og ressursar.
Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.
Slik søker du:
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Annet, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
- FINN-kode
- 380127591
- Sist endret
- 12. nov. 2024 09:37