Ambulansearbeidar/Paramedisiner

Arbeidsgiver
Amb.stasjon Rauma/Vestnes, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Ambulansearbeidar/Paramedisiner
Frist
30.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

 

Vi vil gjerne ha deg med på laget vårt!

Seksjon Rauma og Vestnes har ledig 100% fast stilling for ambulansearbeidar/paramedisinar frå 20.01.24.
Rauma ambulansestasjon ligg i naturskjønne omgjevnader i Isfjorden, Vestnes ambulansestasjon ligg i Vestnes sentrum med kort veg til sjø og vakre fjell og berre ein kort ferjetur til Molde. Stasjonen er samlokalisert med brannvesenet. Seksjon Rauma og Vestnes opererer med 2 døgnbilar i Rauma og 1 døgnbil i Vestnes. Seksjonen utfører om lag 2200 oppdrag per år. Arbeidsmiljøet er svært godt, og du vil få mange engasjerte og gode kollegaer. Det må påreknast å jobbe ved begge stasjonane.

Klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal HF organiserer den prehospitale aktiviteten i fylket. Bil-, båt- og luftambulansane, akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK/113), samt pasientreiser.

Det kan bli fleire stillingar ledige, og då forbeheld vi retten til å tilby desse til søkarmassen.
Ved intern omrokkering kan anna stillingsprosent verte ledig, og søkjarar på denne stillinga vil bli tilbydd dette.

Er dette noko for deg, er du velkomen som søkjar på stillinga.
Sjå her for meir informasjon om prehospitale tenester!


Arbeidsoppgåver

  • Samhandle med interne og eksterne aktørar i den akuttmedisinske kjeden etter oppdrag frå AMK
  • Samarbeide i team og samarbeidsetatar
  • Delta på undervisning og sertifiseringar
  • Vedlikehald av faglege delegeringar som ligg til stillinga
  • Interne arbeidsoppgåver på bil og stasjon
  • Utøve sitt arbeid i tråd med lover, forskrifter, prosedyrer og internt reglement som er gjeldande for Helseforetaket

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som ambulansearbeidar eller paramedisiner
  • Søkjer med prehospital utdanning frå utlandet og med norsk autorisasjon som ambulansearbeidar vil bli vurdert
  • Utrykningskurs gjennomført og dokumentert kompetansebevis for utrykningsførar (kode 160)
  • Førarkort klasse C1
  • Farmakologiutdanning tilsvarande 5 studiepoeng på høgskulenivå
  • Delta og bestå sertifisering trinn 2 etter program i kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
  • Ønskjeleg med Paramedic-utdanning eller motivasjon til å fullføre denne
  • Bestått AMLS/PHTLS etter kompetanseplanen for ambulansetenesta i Midt-Norge
  • Politiattest kreves før tilsetting i stillinga, etter lov om helsepersonell §20a
  • Fysisk og psykisk eigna; fysisk test før tilsetting og årleg resertifisering

Personlege eigenskapar

  • Du kommuniserer tydeleg og respektfullt med pasientar og kollegaer
  • Du har gode prioriteringsevner i nødsituasjoner
  • Du er motivert, fleksibel og tilpasningsdyktig
  • Du er omsorgsfull og tålmodig med pasientar og kollegaer
  • Du har gode datakunnskapar
  • Du har gode samarbeidsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du har gode fremstillingsevner i norsk både skriftleg og munnleg
  • Du er fagleg engasjert, ansvarsbevisst, har pågangsmot, likar utfordringar og tar tak i daglige gjeremål

Ved vurdering av den best kvalifiserte, vert det vektlagt utdanning, erfaring og personleg eignaheit, samt motivasjon for stillinga.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.

Kontaktinformasjon

Nils Christian Hoel, Seksjonsleiar, Nils.Christian.Hoel@helse-mr.no

Arbeidsstad

Grøvdalsvegen 32

6320 Isfjorden

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4867864720

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 30.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Grøvdalsvegen 32, 6320 Isfjorden
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
380138627
Sist endret
12. nov. 2024 09:43