Miljøterapeut eller fengselsbetjent til tverrfagleg Ungdomsteam
- Arbeidsgiver
- Bjørgvin fengsel
- Stillingstittel
- Vikariat Fengselsbetjent/Miljøterapeut til Ungdomsteam Bergen. (Bjørgvin fengsel)
- Frist
- 24.11.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Kriminalomsorga region vest etablerte i 2022 eit ungdomsteam som gir forsterka oppfølging til unge i aldersgruppa 18 til og med 24 år som er under straffegjennomføring i Bergen. Ungdomsteamet er ambulerande og dekker kriminalomsorga sine einingar i Bergen – Bergen fengsel, Bjørgvin fengsel, Lyderhorn overgangsbustad, ND-senteret og Hordaland friomsorgskontor.
I tillegg til ungdomsteamet i Bergen har kriminalomsorga ungdomsteam i Trondheim og Oslo. Det er ei målsetting at dei tre teama skal ha mest mogleg lik praksis. Teamet i Bergen er underlagt Bjørgvin fengsel, men har lokalar på utsida av Bergen fengsel. Teamet vert leia av ein teamleiar.
Ungdomsteamet skal vere tverrfagleg samansett. Det er nå eit ledig vikariat i teamet som fengselsbetjent eller miljøterapeut fra dags dato til 30.09.2025. Det er ønskjeleg med snarleg tilsetting.
Arbeidsoppgåver
- bidra til forsterka oppfølging av unge under straffegjennomføring
- oppfølging av og samarbeid med unge vaksne under straffegjennomføring, individuelt og i grupper
- samarbeide med kontaktbetjent og andre tilsette og bidra i einingane sitt arbeid med unge
- vere ein ekstra ressurs i samband med framstillingar, samarbeidsmøter og programverksemd for unge
- ha kontakt med og vere til stade for ungdommar under heile straffegjennomføringa, bidra til kontinuitet og at ting er føreseielege
- bidra til målretta progresjonsarbeid med unge
- arrangere aktivitetar for unge, både i og utanfor fengsel
- tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
- vere ein pådrivar for at unge får sine rettar ivareteke under straffegjennomføring
- rettleie tilsette i kriminalomsorga
- ambulerande arbeid og nærvær i alle kriminalomsorga sine einingar i Bergen
- journalføring og dokumentasjon
Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.
Kvalifikasjonskrav
Som miljøterapeut må du ha:
• sosialfagleg høgskule- eller universitetsutdanning, eller anna relevant høgskule- eller universitetsutdanning på bachelornivå
• erfaring frå miljøterapeutisk arbeid
• erfaring frå arbeid med unge
• god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
• førarkort klasse B
Som fengselsbetjent må du ha:
• bestått fengselsbetjentutdanning frå Kriminalomsorgens høgskule og utdanningssenter KRUS
• erfaring frå relasjonsarbeid
• erfaring frå arbeid med unge
• god kunnskap og erfaring i bruk av IKT - system eller verktøy
• førarkort klasse B
Det er ønskjeleg at du har
• erfaring frå tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
Personlege eigenskaper
• trivast med og vere eigna til arbeid med unge
• trivast med og vere eigna til å arbeide i team
• personlege eigenskapar i tråd med etaten sine verdiar
• ha personlege interesser som kan takast inn i arbeidet - musikk, trening, kunst, kultur eller andre ting
• ha evne til å ta avgjersler og til etisk refleksjon, vere kreativ og fleksibel
• vere lyttande, interessert, open og trygg i møter med unge - ha evne til å vise empati og forståing
• evne til å søke gode løysningar saman med ungdommen, og i samspel med andre kollegaer, leiing og eksterne samarbeidspartnarar
• vere tålmodig og ansvarsfull og ha evne til å motivere ungdommar i ein vanskeleg situasjon
• har evne til tryggleikstenking, grensesetjing, og å vere ein samtalepartnar og rollemodell for ungdommane
• evne til å arbeide under motstand og kunne stå i vanskelege situasjonar
• gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
• evne til å arbeide sjølvstendig og systematisk
Vi tilbyr
• meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
• gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse.
Miljøterapeutar blir lønna etter stillingskode 1201 miljøterapeut i lønnstrinn 44 - 60 som for tida utgjer ei årslønn på 460 600,- til 584 500,-, avhengig av ansiennitet/kvalifikasjonar.
Fengselsbetjentar blir lønna etter stillingskode 0264 fengselsbetjent i lønnstrinn 41 - 57 som for tida utgjer ei årslønn på 443 000,- til 557 100,-, avhengig av ansiennitet/kvalifikasjonar. Det blir trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Generell informasjon
Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.
Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av ny tilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her.
Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing. Du må vere villig til å gjennomføre kriminalomsorgas tryggleiksopplæring.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.
Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til teamleiar Thomas Johannesen, tlf. 970.96 112.
For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Ambulerende mellom enheter i Bergen, 5011 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sosionom, Barnevernspedagog
- FINN-kode
- 380280271
- Sist endret
- 13. nov. 2024 08:27