Psykologspesialist/Psykolog

Arbeidsgiver
Klinikk Psykisk helsevern for barn og unge/ BUP Åsane, Helse Bergen
Stillingstittel
Psykologspesialist/Psykolog
Frist
28.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ved Klinikk psykisk helsevern for barn og unge - BUP Åsane er det ledig fast stilling som psykologspesialist/psykolog.

BUP Åsane er ein del av Klinikk psykisk helsevern for barn og unge (PBU); ein klinikk som tilbyr utgreiing og behandling av barn og unge opp til 18 år, både poliklinisk og ved innlegging i sengepostar. Klinikken har mellom anna sju allmenne poliklinikkar, ein spesialisert poliklinikk, tre sengepostar, og ambulante tenester. Nokre tilbod er organisert i tyngdepunkt, som gir tilbod på tvers av poliklinikkane. Bup Åsane har tyngdepunkt ift spiseforstyrringar.  BUP Åsane vil kunne tilby opplæring i metodene TF CBT/ FBT/ CBT E/ Autismeutredningskompetanse mm. 

BUP Åsane held til sentralt i Åsane og gjev tilbod til barn og unge med psykiske lidingar opp til 18 år, samt foreldra deira. Det er om lag 14 000 barn/unge i opptaksområde som består av bydelan Åsane/Arna og Osterøy kommune. Poliklinikken har ca 24 fagstillingar (13 spesialistar) med ulik fagleg bakgrunn som er delt inn i to team. 

Vi har stort fokus på korleis vi samhandlar internt og eksternt for å gi best mogleg tenester til våre pasientar.

Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).


Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing og behandling av barn og unge
  • Samarbeid med føresette og relevante instansar 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Erfaring frå utgreiing og behandlling av psykiske lidningar hos barn/unge/vaksne
  • God kjennskap og erfaring med kommunale hjelpeinstansar
  • BUP erfaring/ VOP erfaring
  • Førarkort kl. B

Personlege eigenskapar

  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Kommunisere på ein tydeleg måte
  • Evner å tilpasse og formidle kompleks informasjon til pasientar, pårørande og andre samarbeidspartnarar
  • Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Rettleiing


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Sture Larsen, Seksjonsleiar, 55 97 44 46

Arbeidsstad

Heiane 4B

5131 Nyborg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4884886766

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Heiane 4B, 5131 Nyborg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell
FINN-kode
380336061
Sist endret
13. nov. 2024 02:49