Helsefagarbeidar/hjelpepleiar 

Arbeidsgiver
Akuttpsykiatrisk post,Haugesund sjukehus
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Frist
28.11.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi ser etter ein fagleg sterk og dedikert helsefagarbeidar eller hjelpepleiar til vår akuttpsykiatriske post ved Haugesund sjukehus!

Denne posten er ei lukka eining som handterer øyeblikkeleg hjelp-innleggingar, og vår primæroppgåve er å motta menneske som opplever akutt psykisk sjukdom med varierte utfordringar. Vi jobbar for å sikre at dei som treng akutt bistand, mottar kvalifisert og forsvarleg hjelp og behandling.

Dette er ein fast stilling i to-delt turnus, med arbeid kvar tredje helg, med moglegheit for langvakt på helg. Vi oppmodar deg til å ta kontakt om du har spørsmål om stillinga.

Er du klar for å gjøre ein forskjell i livet til dei som treng det mest? Vi gler oss til å høyre frå deg.


Arbeidsoppgåver

  • Miljøterapeutisk behandling på lukka døgneining.
  • Mottak av nye pasientar, undersøkingar og somatisk oppfølgjing.
  • Kontakt med pårørande og barn som pårørande, kommune og andre samarbeidspartnerar. 
  • Delta på obligatoriske treningar i MAP.
  • Bidra til fagutvikling i eininga. 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar.
  • Interesse for arbeid med personar med alvorleg psykisk liding i akutt fase er ein føresetnad.
  • Ønskjeleg med kjennskap til og fortrinnsvis praksis innan relevant fagområde.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.

Personleg eigenskapar blir vektlagd. 

Personlege eigenskapar

Hos oss er det viktig at du: 

  • har fagleg engasjement
  • taklar stressande situasjonar med ro og faglege haldningar
  • har gode samarbeidsevner
  • trivst med å arbeide i tverrfaglege team

Vi tilbyr

  • Ein spennande arbeidsplass med god tverrfagleg kompetanse innan psykisk helsevern.
  • Ei erfaren personalgruppe og fast ansatte spesialistar.
  • Ei avdeling i nye moderne lokalar, samlokalisert med somatisk akuttmottak, og med aktivt samarbeid med andre avdelingar på sjukehuset og psykisk helsevern. 
  • Rettleiing/undervisning og anledning til å bidra i fagutvikling.
  • Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift).
  • Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.

Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Rebekka Gregor, Funksjonsleiar Akuttpsykiatrisk post, 41863999

Håvard Wester Breistein, Avdelingsleiar, +47 93241877

Arbeidsstad

Karmsundgata 120

5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF


Referansenr.: 4885043299

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.11.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
380478954
Sist endret
15. nov. 2024 06:54