Miljøarbeidar

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Rus og psykiatri
Frist
02.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me søker:

MIljøarbeidar i ca. 30% fast helgestilling til Hauatunet bufellesskap.

Arbeid 6. kvar helg på natt og 6. kvar helg langvakt på dag og kveld. 

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Miljøarbeid, tilrettelegging og hjelp til daglege gjeremål, behandling, individuelle samtalar, rettleiing, forholda seg til nye retningslinjer, samarbeid med andre tenester kommunalt/interkommunalt m.m.

Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar med vidareutdanning i psykisk helse og rusarbeid
  • Relevant erfaring frå psykisk helsearbeid og liknande bufellesskap
  • Søkar må ha sertifikat, bruk av eigen bil kan førekomme.
  • God IKT kompetanse og eraring med elektroniskpasientjournal

Personlege eigenskapar:

  • Engasjert og løysingsorientert
  • Har gode kommunikasjonsevner og relasjonelle ferdigheiter som gjer ein i stand til å snakke med bebuarane, deira pårørande, kollegaer og samarbeidspartnarar
  • Har ein robust, trygg og open personlegheit, og har god arbeidskapasitet
  • Utholdande og tolmodig
  • Har god evne til å skape gode samarbeidsrelasjonar
  • Har evne til å arbeide sjølvstendig og i saman med andre og er reflektert
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

 

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Tilbod om gunstig mobilabonnement
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Hauatunet er eit kommunalt døgnbemanna bufelleskap i Ølen med 8 husvære for personar med psykiske utfordringar. 

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier
FINN-kode
380625246
Sist endret
18. nov. 2024 07:45