Er du lege som ikkje har fått turnusplass?   

Arbeidsgiver
Medisinsk- og ortopedisk seksjon LSH, Helse Førde
Stillingstittel
Er du lege som ikkje har fått turnusplass? Vi treng deg!
Frist
02.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Lærdal sjukehus har i perioden 17.02.2025 - 16.08.2025 behov for legevikar på Medisinsk- og ortopedisk seksjon. 

Vi søkjer deg som tar ansvar, har pasienten i fokus og samarbeider godt med andre. Vi kan tilby deg varierte medisinsfaglege utfordringar, og eit godt arbeidsmiljø.

Lærdal sjukehus er ein del av Helse Førde HF.

Du vil få oppgåver knytt til sengepost, poliklinikk, visittgang og vaktarbeid på Medisinsk- og Ortopedisk seksjon. Du vil på vakt også ha ansvar for skadepoliklinikken. På alle vakter har du erfarne overlegar på bakvakt. Skadepoliklinikken har 24-timars døgnberedskap og handterar dei fleste mindre skader og brot.

Lærdal er ein kommune og eit dalføre i Vestland som strekker seg frå Sognefjord i vest til fylksegrensa på Filefjell og Hemsedalsfjell i aust. Lærdal ligg innst  i Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen. Her er fantastisk natur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter.


Arbeidsoppgåver

  • Varierte oppgåver knytt til mottak av pasientar, akutt og planlagd innlegging, oppfølging og utskriving av pasientar på sengepost og poliklinikk 
  • Stillinga inngår i tredelt plan med arbeid på dag/kveld/natt og arbeid 3. kvar helg. 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege med full rekvisjonsrett - Cand med. 
  • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Gode IKT kunnskapar
  • Kjennskap til DIPS Arena og Meona er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Ha gode samarbeidsevner og vere fleksibel
  • Tåle tidvis høgt tempo
  • Ha pasienten i fokus

Vi tilbyr

  • Utviklande arbeid
  • Godt arbeidsmiljø
  • Hjelp med å skaffe bustad
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Personalhytte på Filefjell

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Hrafnhildur Yr Elvarsdottir, Seksjonsleiar Medisinsk - og Ortopedisk seksjon LSH

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 9

6887 Lærdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde


Referansenr.: 4885782053

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 17.02.2025

Sluttdato: 17.08.2025

Søknadsfrist: 02.12.2024

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Sykepleier
FINN-kode
380638237
Sist endret
18. nov. 2024 09:03