Sommarvikariat - Cand.med./ Medisinerstudent med lisens

Arbeidsgiver
Medisinsk- og ortopedisk seksjon LSH, Helse Førde
Stillingstittel
Er du Cand med. eller lege med lisens - me trenger sommarvikarar
Frist
02.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Medisinsk seksjon ved Lærdal sjukehus har i perioden 16.06.2025 - 31.08.2025 behov sommarvikarar på Medisinsk- og ortopedisk seksjon ved Lærdal sjukehus.


Vi søkjer deg som tar ansvar, har pasienten i fokus og samarbeider godt med andre. Vi kan tilby deg varierte medisinsfaglege utfordringar, og eit godt arbeidsmiljø.

Lærdal sjukehus er ein del av Helse Førde HF.
Du vil få oppgåver knytt til sengepost, poliklinikk, visittgang og vaktarbeid på Medisinsk- og Ortopedisk seksjon. Du vil på vakt også ha ansvar for skadepoliklinikken. På alle vakter har du erfarne overlegar på bakvakt. Skadepoliklinikken har 24-timars døgnberedskap og handterar dei fleste mindre skader og brot.

Lærdal er ein kommune og eit dalføre i Vestland som strekker seg frå Sognefjord i vest til fylksegrensa på Filefjell og Hemsedalsfjell i aust. Lærdal ligg innst  i Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen. Her er fantastisk natur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter.


Arbeidsoppgåver

  • Varierte oppgåver knytt til mottak av pasientar, akutt og planlagd innlegging, oppfølging og utskriving av pasientar på sengepost og poliklinikk 
  • Stillinga inngår i tredelt plan med arbeid på dag/kveld/natt og arbeid 3. kvar helg. 

    Kvalifikasjonar

    • Vere utdanna lege, klar for LIS1-teneste. Cand. med. 
    • Legestudentar med lisens kan også søkje - går ikkje nattevakt. 
    • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
    • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
    • Gode IKT kunnskapar
    • Kjennskap til DIPS Arena/Meona/Orbit er ein fordel

    Personlege eigenskapar

    • Ha gode samarbeidsevner og vere fleksibel
    • Tåle tidvis høgt tempo
    • Ha pasienten i fokus

    Vi tilbyr

    • Utviklande arbeid
    • Godt arbeidsmiljø
    • Varierte medisinskfaglege problemstillingar
    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
    • Hjelp med å skaffe bustad
    • Personalhytta på Filefjell

     

    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Hrafnhildur Yr Elvarsdottir, Seksjonsleiar Medisinsk - og Ortopedisk seksjon LSH

    Arbeidsstad

    Sjukehusvegen 9

    6887 Lærdal

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Førde


    Referansenr.: 4885783173

    Stillingsprosent: 100%

    Vikariat

    Startdato: 16.06.2025

    Sluttdato: 31.08.2025

    Søknadsfrist: 02.12.2024

    Sektor
    Offentlig
    Antall stillinger
    2
    Sted
    Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal
    Stillingsfunksjon
    Helsepersonell, Sykepleier, Lege
    FINN-kode
    380639020
    Sist endret
    18. nov. 2024 09:06