Bioingeniør, bioingeniørstudent
- Arbeidsgiver
- Mikrobiologisk Laboratorium, LMBB og Avdeling for Patologi, Helse Førde
- Stillingstittel
- Ferievikar laboratorie
- Frist
- 15.01.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Laboratorieavdelingane i Helse Førde, Førde sentralsjukehus søkjer vikarar til sommarferien 2025.
Vi treng fleire dyktige og engasjerte medarbeidarar – og søkjer deg som ønskjer å jobbe i sommarferien.
Helse Førde tilbyr eit breitt spekter av analyser innan ulike fagområde. Dei tilsette er den viktigaste ressursen vår. Vi arbeider for å knytte til oss dei beste fagfolka og vil legge til rette for at alle tilsette skal trivast og yte sitt beste. Bli med oss!
Laboratoria i Førde har eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og vi har mange ulike sosiale aktiviteter på fritida heile året rundt - og vi har alltid plass til fleire.
Dei som vert tilsett i sommarjobb kan og få tilbod om å jobbe ekstra rundt høgtid og andre ferier.
Dette er ei felles utlysing for:
- Medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB)
- Mikrobiologisk avdeling
- Avdeling for Patologi
Vi håpar du kan tenke deg å arbeide hos oss! Om du har eit ønske om kva for eit laboratorium du helst vil arbeide ved, kan du opplyse om dette i søknaden.
Ferievikariat gjeld for perioden 02.06.2025 - 17.08.2025, eller etter avtale. Opplys i søknaden kva periode det er aktuelt for deg å arbeide.
Arbeidsoppgåver
- Utføre analytiske og preanalytiske oppgåver etter godkjente prosedyrer og gjeldande lover og regelverk
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør/1.- 3. års bioingeniørstudent
- Andre med relevant utdanning eller praksis kan bli vurdert
- Må beherske godt norsk, både munnleg og skriftleg
Oppgje referanse ved utdanning og tidlegare arbeidsgjevar, samt legg ved karakterutskrift over avslutta fag.
Personlege eigenskapar
- Påliteleg og arbeidsam
- Kunne arbeide i team
- Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
- Positiv, omgjengeleg og serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Varierte arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Bistand til å skaffe bustad
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Nina Merkesdal Hole, Seksjonsleiar - LMBB, 57839287Marianne Schiefloe Myklebust, Seksjonsleiar - Mikrobiologi, +47 986 64 325
Katja Helmine Nielsen Gulhaugen, Seksjonsleiar - Patologi, 411 72 494
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4885866301
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 02.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 15.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 9
- Sted
- Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Annet
- FINN-kode
- 380640114
- Sist endret
- 18. nov. 2024 09:07