LIS 2/3-lege indremedisin
- Arbeidsgiver
- Medisinske legar Volda, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- LIS 2/3-lege indremedisin
- Frist
- 02.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vil du bli med på laget?
I Volda har vi ledig ei fast stilling som lege i spesialisering (LIS2/3) innan indremedisin.
I klinikk Volda har vi ein seksjon for medisinske legar. I seksjonen har vi 12 stillingar for overlegar, 10 stillingar for LIS 2/3 og 9 for LIS 1. Seksjonen vår er ein indremedisinsk seksjon med akuttfunksjonar, og med spesialistfunksjonar innan gastroenterologi, kardiologi, endokrinologi, hematologi, geriatri og lungemedisin. Vi er eit fagleg interessant og triveleg kollegium av overlegar og legar i spesialisering.
I Volda er vi opptekne av at du som tilsett blir sett og ivareteken fagleg og sosialt i utdanningsløpet som LIS. Dette for at du skal få eit best mogleg utdanningsløp, men også for at du skal ynskje å kome tilbake som spesialist ved Volda sjukehus.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Arbeidsoppgåver
- Delta i seksjonen si daglege drift, inkludert visitt, poliklinikk og vaktarbeid på felles indremedisinsk avdeling og intensivavdeling
- Mottak og vurdering av pasientar i akuttmottak
- Gjennomføre diagnostiske og terapeutiske prosedyrar med rettleiing
- Delta i tverrfaglege teammøter og bidra til god pasientbehandling
- Følge opp pasientar i samarbeid med spesialistar og anna helsepersonell
- Delta i undervisning og rettleiing av medisinstudentar og andre kollegar
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent LIS 1-teneste
- Erfaring frå og interesse for indremedisin og ynskje om å spesialisera seg innan feltet
- Gode norsk- eller skandinaviske språkkunnskapar
Personlege eigenskapar
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner for å sikre kvalitativ pasientbehandling
- Du har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Du har ei genuin interesse for indremedisin og ynskje om kontinuerleg fagutvikling
- Du opptrer påliteleg og tek avgjerder under press, men med fagleg støtte i bakhand
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegar
- Tilrettlagt for fagleg utvikling og spesialisering innan fleire indremedisinske fagområde
- Rettleiing og oppfølging av erfarne spesialistar som vil at du skal lukkast
- Stor grad av tilpasning av arbeidssituasjonen ut frå dine behov
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her.
Kontaktinformasjon
Miriam Wiksnes, Seksjonsleiar, Miriam.Wiksnes@helse-mr.noArbeidsstad
Kløvertunvegen 16100 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4882693162
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Kløvertunvegen 1, 6100 Volda
- Stillingsfunksjon
- Lege, Helsepersonell, Sykepleier
- FINN-kode
- 381093532
- Sist endret
- 19. nov. 2024 07:08