Psykologspesialist/Psykolog

Arbeidsgiver
Fys.med sengepost, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Psykologspesialist/Psykolog
Frist
02.12.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Liker du å jobbe tett med andre faggrupper, pasientar og pårørande? Då vil vi gjerne ha deg med på laget.

Seksjon for fysikalsk medisin og rehabilitering har ledig vikariat i 100 % stilling som psykologspesialist i nevropsykologi, med oppstart 03.02.25 til og med 31.12.2025!

Som psykolog hos oss er du tilsett i poliklinikk for fysikalsk medisin og nevropsykologi, men arbeidet ditt vil også vere i rehabiliteringssengeposten. Ved sengeposten gir vi spesialisert rehabilitering til pasientar frå heile fylket med traumatiske hjerneskader, hjerneslag, nevrologiske lidingar, ryggmargsskade, komplekse multitraumer og amputasjonar.
Jobben vil bestå av oppfølging av pasientar innlagt i sengeposten, hovudsakleg hjerneskadeteamet, rehabiliteringspoliklinikk og ambulante tenester i tett samarbeid med det tverrfaglege teamet. Det vil også vere poliklinisk nevropsykologiske oppgåver inkludert i stillinga.

Vi håpar å høyre frå deg! Sjå også gjerne innom vår instagram konto: Fysmed_alesund_hmr. 

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.


Arbeidsoppgåver

  • Nevropsykologisk utgreiing av pasientar i sengepost og poliklinikk
  • Inngå i tverrfagleg team for kognitiv rehabilitering
  • Poliklinisk og ambulant oppfølging av pasientar
  • Undervisning, rådgjeving og veiledning av andre faggrupper og instansar

Kvalifikasjonar

  • Formelle faglege kvalifikasjonar
  • Norsk lisens/autorisasjon
  • Godkjenning som psykologspesialist i klinisk nevropsykologi
  • Psykologer som er i spesialiseringsløp til klinisk nevropsykologi, eller med interesse for nevropsykologi
    er også velkomne til å søkje

Personlege eigenskapar

  • Du har gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg
  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Du arbeider sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Du har evne til å skape trivsel i ein travel arbeidskvardag

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her. 

Kontaktinformasjon

Gro Westnes Lindin, Ass. seksjonsleiar, 70105751/41, Gro.Westnes.Lindin@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4881150795

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 02.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell
FINN-kode
381274434
Sist endret
20. nov. 2024 07:38