Grunnskulelærar, Palmafossen skule

Arbeidsgiver
Voss herad Palmafossen skule
Stillingstittel
Grunnskulelærar i vossaskulen, Palmafossen skule
Frist
06.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Informasjon om stillinga:

Me har ledig 100% fast stilling som grunnskulelærar, i vossaskulen frå 01.01.2025. Som tilsett i vossaskulen kan arbeidsstad variere. For perioden 01.01.2025-31.12.2025 vil tenestestad vere Palmafossen skule.

Om skulen

Palmafossen skule er ein barneskule som ligg omlag 3 kilometer aust for sentrum, og har omlag 170 elevar og 30 tilsette. Skulen ligg like ved turløypene i Bømoen.

Gjennom eit skuleår vert ulike tilskipingar som aktivitetsdag og fagdagar arrangert i regi av elevråd, FAU og tilsette. Forutan Bømoen nyttar elevane ved skulen godt av kunstgrasbana og ny leikeplass som nyleg vart sett opp ved skulen.

Skuleåret 2024 - 25 har me rekning i alle fag som hovudsatsingsområde. 

Me ynskjer primært å tilsetja i heile stillinga, men det kan verte opna opp for å tilsetja i delar av stillinga. Ver vennleg å skriv i søknaden kor stor stilling du ynskjer, om du ikkje ynskjer full stilling.

Me ynskjer deg som

  • er god på samarbeid og relasjonsbygging
  • er trygg og tydeleg
  • er strukturert
  • er engasjert og positiv
  • har eleven i fokus, og som har eit stort engasjement for eleven sin faglege og sosiale utvikling
  • har gode dugleikar i klasseleiing 

 Arbeidsoppgåver

  • undervisning på 1.-7.trinn
  • undervisning tilknytt elever med individuell tilrettlagt opplæring
  • undervisning knytt til intensive kurs i lesing og rekning

Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding i stillinga.

Kvalifikasjonar

  • grunnskulelærar (GLU 1-7 eller GLU 5-10)
  • spesialpedagog som har erfaring med undervisning innan individuell tilrettelagt opplæring og intensive lese- og reknekurs
  • søkjarar med anna relevant kompetanse kan verte vurdert

Me tilbyr

  • rekrutteringstillegg kr. 20 000 for dei som har grunnskulelærarutdanning (GLU) ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad
  • god ordning for etter- og vidareutdanning
  • gratis årskort på ski ved Voss Resort, Myrkdalen eller Voss ski- og tursenter eller eventuelt årskort i Vossabadet ved fyrstegongs tilsetjing i Voss herad
  • god ordning for etter - og vidareutdanning
  • ein kultur der me deler kunnskap og erfaring med kvarandre
  • rettleiing for nytilsette/nyutdanna
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår 

 

Søkjer du arbeid hjå oss og har ein partnar som gjer det same, finn du mange og spanande stillingar i Voss herad her. Voss herad - Våre ledige stillingar (easycruit.com)

 

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.

Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.

Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.

 

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Tjukkabygdvegen 29, 5705 Voss
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
381555730
Sist endret
21. nov. 2024 01:13