Vikariat vaksenopplæring Valle skule
- Arbeidsgiver
- Valle skule, Valle kommune
- Stillingstittel
- Vikariat vaksenopplæring Valle skule
- Frist
- 08.12.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Liker du å jobbe med undervisning av vaksne og har trivsel, læring og utvikling i fokus? Ser du viktigheita av tett oppfølging av den enkelte deltakaren og eit godt samarbeid med relevante aktørar? Då treng vi deg til eit vikariat på Valle vaksenopplæring! Vi har no eit vikariat i 80 % ledig i perioden 15.1.2025 - 15.10.2025. Valle vaksenopplæring held til på Valle skule. Velkomen til oss!
Arbeidsoppgåver
- Planleggje, tilpasse, gjennomføre og evaluere undervisning etter læreplanane i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar
- Vere ein tydeleg lærings- og klasseleiar
- Styrke deltakaranes læringsstrategiar
- Skape og oppretthalde eit godt læringsmiljø
- Oppfølging av deltakarar på Valle skule og på språkpraksisplassar
- Samarbeide med ulike aktørar og bidra til utvikling
Kvalifikasjonar
- Krav om godkjent undervisningskompetanse- lærarutdanning jmf opplæringslova kap 10 samt forskrift til opplæringslova kap 14.
- God digital kompetanse og god digital læringsleiing
- Erfaring med undervisning
- God språkleg dugleik, munnleg og skriftleg
- Gyldig politiattest må leggjast fram før tiltreding
Personlige eigenskapar
- Gode digitale ferdigheiter
- Gode språkferdigheiter i norsk
- God relasjonskompetanse
- Evnar å samarbeide og jobbe sjølvstendig
- Resultatorientert, med høge ambisjonar for deltakarane
- Løysingsorientert, fleksibel og positiv
- Effektiv, strukturert og systematisk
- Vi legg vekt på om søkjaren er personleg eigna
Vi tilbyr
- Eit triveleg arbeidsmiljø
- Løn i samsvar med tariff
- Bedriftsleiligheit i Kristiansand
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
- Barnehage og SFO-tilbod med vekt på fysisk aktivitet, leseglede og kulturarven vår
- Full kulturskuledekning
- Vakker natur med mange høve for friluftsliv til alle årstider
- Ei triveleg bygd å bu i
Viktig for søknaden din:
- CV og søknadsbrev skrivast i Webcruiter
- Vitnemål og attestar skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp. Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500.
- Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
- Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.
Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Kontaktinformasjon
Janne Nystøl, Rektor/einingsleiar, +4798066678, janne.nystol@valle.kommune.noArbeidsstad
Harstadvegen 694747 Valle
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Valle kommuneReferansenr.: 4886737760
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Søknadsfrist: 08.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Harstadvegen 69, 4747 Valle
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk
- FINN-kode
- 381577433
- Sist endret
- 21. nov. 2024 02:32