Ferievikar 2025 - Bioingeniør/ bioingeniørstudentar
- Arbeidsgiver
- Ferievikarer SNR Hjelset, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Ferievikar 2025 - Bioingeniør/ bioingeniørstudentar
- Frist
- 31.01.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande.Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.
Avdeling for medisinsk biokjemi og blodbank og Avdeling for medisinsk mikrobiologi har behov for ferievikarar f.o.m. veke 25 t.o.m. veke 35. Vi treng bioingeniørar, bioingeniørstudentar og laboratorieingeniør.
Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vil du bli fordelt etter klinikkane sine behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. I søknaden må det kome fram kva seksjon og kva tid i den aktuelle perioden du ønskjer å arbeide. Du må rekne med å arbeide annankvar helg. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Avdelingsnamna kan endrast ved tilsetting grunna pågåande overflytting til SNR Hjelset, som enno ikkje er fullført. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastast opp som vedlegg til din CV.
Kvalifikasjonar
- Bioingeniør med norsk autorisasjon
- Laboratorieingeniør
- 1., 2. eller 3. års bioingeniørstudent
- Du må beherske norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
- Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg arbeidsmiljø
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn i henhold til gjeldande overeinskomst
For meir informasjon om vår region, sjå her og her.
Kontaktinformasjon
Marit Sivertsen, Seksjonsleiar, Medisinsk biokjemi og blodbank, marit.sivertsen@helse-mr.noCecilie Eikrem Myklebust, Seksjonsleiar, Medisinsk mikrobiologi, cecilie.eikrem.myklebust@helse-mr.no
Arbeidsstad
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4885993099
Stillingsprosent: 100%
Ferievikar
Søknadsfrist: 31.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- 6450 Hjelset
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Annet
- FINN-kode
- 381666142
- Sist endret
- 22. nov. 2024 09:14