Ferievikarar 2025 - Bioingeniør/ bioingeniørstudentar 

Arbeidsgiver
Ferievikarer Volda sjukehus, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Ferievikar 2025 - Bioingeniør/ bioingeniørstudentar
Frist
31.01.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for pasientane våre, og deira pårørande. Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

Medisinsk biokjemi og blodbank Volda har behov for ferievikarar frå og med veke 24 til og med veke 33

Informasjon til søkjaren:
Tilsetjing vil skje fortløpande. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.


Arbeidsoppgåver

  • Ferievikarar kan måtte rekne med å delta i avdelinga si vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon
  • 2. eller 3. års bioingeniørstudent
  • Bioingeniørstudent som er ferdig med 1. studieår kan også søkje
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
  • Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
  • Fagleg interessert og lærevillig
  • Sjølvstendig, ansvarsbevisst og lojal
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Trivst i ein aktiv og travel kvardag

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomst

For meir informasjon om vår region, sjå her og her.

Kontaktinformasjon

Joar Ulstein, Seksjonsleiar, joar.ulstein@helse-mr.no

Arbeidsstad

Kløvertunvegen 1

6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4887380975

Stillingsprosent: 100%

Ferievikar

Søknadsfrist: 31.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Annet
FINN-kode
381666332
Sist endret
22. nov. 2024 09:17