Ferievikar 2025 - Bioingeniør/ bioingeniørstudentar

Arbeidsgiver
Ferievikarer Ålesund sjukehus, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Ferievikar 2025 - Bioingeniør/ bioingeniørstudentar
Frist
31.01.2025
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Vil DU bli vår kollega til sommaren? Vi treng deg som er motivert til å gjere det beste for våre pasientar og deira pårørande.Vi ønskjer deg velkomen som søkjar, og vil gjere vårt beste for at du skal trivast.

Avdeling for medisinsk mikrobiologi og avdeling for medisinsk biokjemi er to av fem avdelingar i Klinikk for diagnostikk. Klinikken omfattar alle laboratoriefaga og radiologi, og har eit sterkt fokus på kvalitetsarbeid.

Det er behov for ferievikarar ved følgande seksjonar i perioden f.o.m. veke 23 t.o.m. veke 33:

  • Medisinsk mikrobiologi Ålesund 
  • Medisinsk biokjemi og blodbank Ålesund


Informasjon til søkjaren
Tilsetjing vil skje fortløpande. Som ferievikar vert du fordelt etter klinikken sitt behov. Dersom du har jobba hos oss tidlegare, er det fint om du kan spesifisere kvar og når i søknadsteksten din. Av søknaden må det kome fram kva tid i den aktuelle perioden du kan arbeide. Det kan påreknast ei til to veker opplæring i forkant av ferieperioden. Ferievikarar kan måtte rekne med å delta i avdelinga si vaktordning. Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV.


Kvalifikasjonar

  • Bioingeniør med norsk autorisasjon
  • 1., 2. eller 3. års bioingeniørstudent
  • Må beherske norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er engasjert, fleksibel og har godt humør
  • Du ønskjer å bidra til å gi eit godt tilbod til pasientane våre
  • Du er serviceinnstilt til pasientar, publikum og kollegaer
  • Fagleg interessert og lærevillig
  • Sjølvstendig, ansvarsbevisst og lojal
  • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Trivst i ein aktiv og travel kvardag

Vi tilbyr

  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn i henhold til gjeldande overeinskomst

For meir informasjon om vår region, sjå her og her.

Kontaktinformasjon

Lars Christian Fjørtoft, Seksjonsleiar, lars.christian.fjortoft@helse-mr.no

Camilla Jensen Pedersen, Ass. seksjonsleiar, camilla.jensen.pedersen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Ålesund sjukehus

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF


Referansenr.: 4887402000

Stillingsprosent: 100%

Ferievikar

Søknadsfrist: 31.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Ålesund sjukehus, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Annet
FINN-kode
381666585
Sist endret
22. nov. 2024 09:28