Karriere på Voss sjukehus? Ledig stilling for helsefagarbeidar/ hjelpepleiar
- Arbeidsgiver
- Voss sjukehus, Helse Bergen
- Stillingstittel
- Ledige stillingar for helsefagarbeidare ved Voss sjukehus
- Frist
- 09.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Stillinga er ledige frå 01.02.2025.
OM AVDELINGA
Medisinsk sengepost er lokalisert under Medisinsk avdeling, og har heildøgnssengeplassar. Det vert behandla pasientar med ulike indremedisinske diagnosar innan til dømes hjarte, lunge, nyre, mage, tarm, hjerneslag, infeksjonar, diabetes og kreft.
Sengepostane har nært samarbeid med andre profesjonar i sjukehuset. Dersom du ynskjer å opparbeide deg brei og solid erfaring, samt god kompetanse innafor fleire spennande fagområde, søk jobb hjå oss!
OM SJUKEHUSET
Voss sjukehus har akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi og ortopedi, føde- og gynekologi. Sjukehuset har høg aktivitet og ynskjer å halde fram den positive utviklinga. Opptaksområdet er på om lag 30.000 innbyggjarar fordelt på seks kommunar. I tillegg kjem det pasientar frå Bergen og kommunar frå Sogn og frå Hardanger.
OM VOSS
Voss har flott natur som gjev særs gode høve til naturopplevingar og aktivitetar for born og vaksne innan ei heil mengd ulike idrettar. Ekstremsportsmiljøet er viden kjent gjennom til dømes Ekstremsportsveko. Nord-Europas mest moderne gondolbane er opna i desse dagar og ligg nokre steinkast frå sjukehuset. Kulturlivet er rikt og variert, og det er eit godt utbygd skuletilbod med to nye vidaregåande skular. Det er god kommunikasjon vestover til Bergen/ Flesland og austover til Oslo.
Arbeidsoppgåver
- Pleie og oppfølging av pasientar
- Oppgåver knytt til ernæring, hygiene og generell drift av sengeposten
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett må meistre norsk, svensk eller dansk for munnleg og skriftleg dokumentasjon
- Søkjar må ha norsk autorisasjon som helsefagarbeidar/hjelpepleiar
Personlege eigenskapar
Vi tenker at du:
- er ein god teamarbeidar
- trivast i eit aktivt og travelt miljø
- likar varierte utfordringar
- har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ynskjer å vidareutvikle kompetansen din
Vi tilbyr
- Opplæring med fadder
- Deltaking i kompetanseutviklingsprogrammet til Helse Bergen
- Lærerik og spennande jobb i aktiv sengepost
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
- Løn etter gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Stine Hernes, Ass. seksjonsleiar , 56533735Linn Christine Zwartjes De Wolfe, Seksjonsleiar, 95890493
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 165700 Voss
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4888606198
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.02.2025
Søknadsfrist: 09.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Sjukehusvegen 16, 5700 Voss
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 381672963
- Sist endret
- 22. nov. 2024 10:06