Kokk - vikariat
- Arbeidsgiver
- Suldal kommune Suldal sjukeheim
- Frist
- 10.12.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Suldal sjukeheim sitt hovudkjøkken ligg på Suldalsosen, saman med langtidsavdelinga på Vinjarheim. Når ny sjukeheim står klar på Sand i 2025, vil me flytte inn der.
Kjøkkenet produserer mat til sjukeheimen sine avdelingar og til heimebuande. Til saman kokar dei til om lag 60 personar dagleg.
Kjøkkenet er betjent alle dagar i veka, for tida berre på dagtid. Ein arbeidar ein av tre helger.
Om stillinga:
Suldal sjukeheim har ledig 100 % vikariat som kokk ved Suldal sjukeheim.
- Stillingsstorleik: 100 %
- Stillingstype: Vikariat
- Stilling ledig frå: 10.12.2024 til: 09.12.25, med moglegheit for forlenging.
Arbeidsoppgåver:
- Produksjon av alle døgnets måltid til inneliggande pasienter, samt ein del til utbringing.
- Reinhald av kjøkken og utstyr.
- Anna førefallande arbeid, blant det noko utkøyring av mat.
Kompetanse:
- Me søkjer primært kokk.
- Andre kokekyndige med erfaring frå kjøkkenarbeid og matproduksjon kan vurderast, og vil då bli tilsett som kjøkkenassistent.
- Sertifikat klasse B er ønskeleg.
Kvalifikasjonar:
- Evne til å arbeida sjølvstendig og i team.
- Evne til å halda orden og overhalda hygieniske prinsipp.
- Meistrar norsk munnleg og skriftleg.
Hos oss i Suldal kommune får du:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Bedrifthelseteneste
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist
Slik søkjer du
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på «send søknad» og følg vidare instruksjonar.
- Du kan logge inn via ID-porten, med brukarnamn og passord, via Facebook-profil eller søkje utan å logge inn. Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista.
- Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan dei takast med til intervju.
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Eidsvegen 1, 4230 Sand
- Stillingsfunksjon
- Mat og servering, Mat og servering / Kokk, Mat og servering / Kjøkken- og kantinemedarbeider
- FINN-kode
- 382346238
- Sist endret
- 26. nov. 2024 12:31