Stipendiatstilling i eksperimentell grenselags- og vindenergimeteorologi (Marie Skłodowska-Curie)
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Bergen
- Stillingstittel
- Stipendiatstilling i eksperimentell grenselags- og vindenergimeteorologi (Marie Skłodowska-Curie)
- Frist
- 17.12.2024
Beskrivelse
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Det er ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i eksperimentell grenselags- og vindenergimeteorologi ved Geofysisk institutt (GFI) ved Universitetet i Bergen, Noreg. Stillinga setter søkelys på karakterisering av det turbulente vindfeltet over hele arealet som dekkes av rotorbladet til store framtidige offshore vindturbinar (> 15 MW), ved ein kombinasjon av dronebaserte, in-situ målingar med soniske anemometrene og fjernmåling med hjelp av lidar.
Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år og er finansiert av H2020 / Marie Skłodowska-Curie Action (MSCA) NEXTgenT (https://www.msca-nextgent.eu/ ) (avtalenummer 101168855) og vil dekkja ein viktig del av aktivitetane ved Bergen Offshore Wind Centre (BOW), der fokuset er på å samanfatte grunnleggjande og bruksretta forsking innan vindkraft til havs. MSCA-ITN-ordninga har mobilitet som eit nøkkelaspekt, og den vellykka kandidaten forventast dermed å bruke utplasseringar av fleire månadars varigheit med både industrielle og akademiske partnarar i løpet av ph.d.-perioden.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Den stadig aukande storleiken på moderne offshore vindturbinar krev nye målestrategiar for det marine atmosfæriske grenselaget over hele dimension av rotorbladet, det vil seie minst dei lågaste 300 m over havoverflata. Det eksisterande observasjonsgapet fører til stor usikkerheit knytt til den rette beskrivinga av turbulenseigenskapane som skal brukast som designgrunnlag for offshore vindturbiner, og i forståinga av strukturen og dynamikken til vindturbinvaker. Lidar fjernmåling kan gi viktig informasjon om vindfeltet, men kjem ofte til kort når det gjeld romleg og tidsmessig oppløysing. I løpet av dei siste åra har ubemanna luftfartøy (UAS) blitt betydeleg betre og blitt meir og meir interessante som sensorberarar, også for denne typen observasjonar. SAMURAI-systemet (Sonic Anemometer on a MUlti-Rotor drone for Atmospheric turbulence Investigations), nyleg utvikla ved GFI/UiB, gir no nye uovertrufne måleevner.
Hovudmålet med denne stipendiatstillinga er å utvikle og bruke nye målestrategiar for å karakterisere det turbulente vindfeltet ved å kombinere fleksible in-situ målingar med drone-basert soniske anemometer og lidar fjernmåling. Arbeidsoppgåvene til den suksessrike kandidaten vil inkludere:
1. Vidareutvikling av SAMURAI-systemet med omsyn til sensorintegrasjon og
operasjonar med fleire sensorar/fleire dronar.
2. Utvikling, testing og bruk av passande målestrategiar.
3. Deltaking i felteksperiment, inkludert flyoppdrag under dedikerte målekampanjar.
4. Analyse av dei innsamla dataa, med særleg fokus på å bestemme relevante
turbulensparametrar (t.d. turbulensintensitet, turbulent kinetisk energi, koherens,
integrallengdeskala).
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Søkjarar må ha ein mastergrad eller tilsvarande i geofysikk (meteorologi eller
oseanografi), matematikk, fysikk, informatikk, ingeniørfag eller liknande, eller
må ha levert masteroppgåva si til vurdering før søknadsfristen. Det er ein
føresetnad for tilsetjing at mastergraden er tildelt. - Forståing av prosessar i det atmosfæriske grenselaget, spesielt
straumdynamikk og atmosfærisk turbulens, er eit krav. - Erfaring med relevante atmosfæriske måleteknikkar er ein fordel.
- Handtering og analyse av store datasett og tilhøyrande
programmeringsferdigheiter er eit krav. - Praktisk erfaring med planlegging og gjennomføring av målekampanjar er ein
fordel. - Erfaring med utvikling og bruk av ubemanna luftfartøy (UAS) er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode
samarbeidsevner. - Søkjarar må ha svært gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og relasjonelle eigenskapar vil bli vektlagt. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
Universitetet i Bergen er underlagd reglementet for eksportkontrollsystemet. Reglementet vil bli nytta i behandlinga av søknadene. Søkjarar skal ikkje ha budd og hatt hovudaktiviteten sin i same land som mottakarinstituttet (Noreg) i meir enn 12 månader i løpet av dei siste 3 åra på tilsetjingsdatoen. Dette er eit krav for alle Marie Curie-støtta utvekslingsstipend. I tillegg må den vellykka kandidaten ikkje ha fått tildelt doktorgrad tidlegare.
For stillinga gjeldt følgande
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.- programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det
forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.- graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500 (tilsvarande lønstrinn 55). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- medlemsskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde
- Ei kort utgreiing om søkjaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- CV
- Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- Karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad, alternativt ei stadfesting av at mastergradsoppgåva er levert
- Relevante attestar
- Eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
- Eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i Jobbnorge.
Generell informasjon
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
Professor Joachim Reuder, Geofysisk institutt, epost: Joachim.reuder@uib.no, tlf: +47 47381397.
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR rådgjevar Maria Svåsand (maria.svasand@uib.no)
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Allegaten 70, 5007 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Forskning/Stipendiat/Postdoktor, Ingeniør, Rådgivning
- FINN-kode
- 382365337
- Sist endret
- 26. nov. 2024 02:13