Helsefagarbeidarar

Arbeidsgiver
Høyanger kommune Open omsorg Sørsida
Frist
15.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Kommunen har god grunnbemanning både i open omsorg og ved sjukeheimane der vi legg vekt på fagleg utvikling. 

Vi har ledig følgjande stillingar ved open omsorg:

  • 100% fast stilling  - Sørsida frå snarast
  • 100% fast stilling -  Lavik frå snarast
  • 100% stilling vikariat frå januar 2025 og i eitt år - Høyanger

Arbeidstid: turnus med arbeid 3.kvar helg. Alle avdelingane held på med innføring av ny arbeidstidsordning der det kan leggast til rette for langvakter dersom ein ynskjer det.

 Arbeidsoppgåver:
  • sikre forsvarlege pleie- og omsorgstenester ved eininga, og at oppgåver blir utført i tråd med kvalitetskrav og lovverk
  • dokumentere i kommunen sitt journalsystem
  • bidra til godt samarbeid med brukarar, pårørande og andre tenesteytarar
  • rettleiing til praksiselevar 

 

Vi søkjer deg som:
  • har utdanning/autorisasjon som helsefagarbeidar (hjelpelpeiar)
  • har evne til å jobbe sjølvstendig og på lag med andre
  • er positiv, samarbeidsvillig og serviceorientert
  • behersker norsk skriftleg og munnleg
  • førarkort kl B (fortrinnsvis manuell gir). 
 Kvifor søkje stilling hos oss?
  • Fast fulltidsstilling
  • Starter på avlønning tilsvarande 8 års ansiennitet (for ansiennitet 0-8 år)
  • 15 000,- i tillegg til tarifflønn ved 16 års ansiennitet
  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • triveleg og hektisk arbeidsmiljø med aktive og engasjerte og dyktige kollegaer
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kommunen er hjelpsam med å skaffe bustad
  • Dekking av flytteutgifter mot bindingstid (for faste stillingar)

Den som vert tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest før oppstart i stilling

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
5962 Bjordal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
382454989
Sist endret
27. nov. 2024 07:32