Lege i spesialisering 2/3

Arbeidsgiver
ØNH - Kjeveavdeling, Helse Førde
Stillingstittel
Lege i spesialisering 2/3
Frist
12.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Øyre-Nase-Hals avdeling, Førde sentralsjukehus har frå 01.01.2025 ledig fast stilling for Lege i spesialisering 2/3 (LIS2/3). Oppstart kan avtalast nærmare. 

Øyre-nase-hals avdeling har per no 5 overlegestillingar og 4 LIS, vi har i tillegg audiografar, søvnsjukepleiarar og sjukepleiarar. I seksjon for kjevekirurgi, er det tilsett oralkirurg, tannhelsesekretærar og sjukepleiar. 

Helse Førde har avtale med Helse Bergen om gjennomføring av gruppe 1 teneste. 


Arbeidsoppgåver

  • Poliklinikk
  • Høyresentral
  • Søvnpasientar
  • Allergiutgreiing/allergivaksinasjon
  • Sengepostarbeid
  • Operasjonar i lokal- og generell anestesi
  • Vakt funksjon – per no: firedelt vaktfunksjon for LIS, passiv vakt med overlege i bakvakt. Vaktordning kan være under endring

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha norsk autorisasjon
  • Fullført LIS1 utdanning
  • Søkjarar utanfor skandinavia må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Ein vektlegg tidlegare erfaring frå ØNH faget eller anna, relevant klinisk erfaring
  • Fordel med kjennskap til relevante elektroniske program for pasientinformasjon/dokumentasjon, samt å effektivt lære seg nye verktøy

Personlege eigenskapar

  • Søkjar bør ha evner til å takle ein travel kvardag ved avdelinga
  • Gode samarbeidsevner og fungere godt i teamet
  • Engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønskje om å vidareutvikle kompetansen og avdelinga

Vi tilbyr

  • Løn etter avtalefesta tariff
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  
  • Triveleg arbeidsmiljø

 
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Karianne Strønen, Avdelingssjef, 578 31 582

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde


Referansenr.: 4890218943

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.01.2025

Søknadsfrist: 12.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege
FINN-kode
382476844
Sist endret
27. nov. 2024 11:33