Psykolog/ psykologspesialist
- Arbeidsgiver
- Poliklinikk BUP Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Psykolog/ psykologspesialist
- Frist
- 15.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vil du vere med på laget vårt?
Vi søkjer no etter psykolog/ psykologspesialist til poliklinikken vår. Vi har eit ivaretakende og godt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt. Vi strekk oss langt for at psykologar skal få best mogelege faglege utviklingsbetingingar. Vi legg også, om ønskeleg, til rette for at du kan ta heile spesialiseringsløpet utan forsinking i helseforetaket vårt.
Vi er ein del av avdeling for psykisk helsevern barn og unge, som er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund samt ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Seksjonen vår er organisert i tverrfaglege team; akutt/ambulant team, nevropsykiatrisk team, småbarnsteam og generalistteam. Vi tilbyr spesifikke behandlingstilbod som til dømes FBT, TF-CBT, EMDR og PEF, og har eit godt utvikla pasient- og pårørandeopplæringstilbod. Avdelinga har faglege nettverk på tvers av poliklinikkane i forhold til psykose, eteforstyrringar, vald og overgrep, personlegdomsproblematikk og akuttarbeid. Som psykolog hos oss vil du arbeide i tverrfagleg team med mellom anna psykologspesialist, overlege, pedagog og sjukepleiar.
Helse Møre og Romsdal er ein arbeidsplass med stort mangfold. Dette meinar vi er viktig for å løyse dei oppgåvene vi er sett til. Vi ønskjer difor at dette mangfaldet skal speglast blant søkjarane til stillingane våre og oppfordrar alle til å søkje, uavhengig av kven du er, og kva bakgrunn du har.
Samarbeid med kommunehelsetenesta og oppvekstsektoren er organisert i Barn og unges helseteneste. Du kan lese meir om denne spennande nysatsninga her
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av barn og ungdom med ulike typar psykiske lidingar og utviklingsforstyrringar
- Pårørande- og familiesamtalar
- Medverke fagleg gjennom undervisning og teamarbeid
- Ta del i arbeid med pasientsikkerheit, systematisk kvalitetsarbeid og kontinuerleg forbetring av verksemda
- Samhandling med kommunane, bistå med rådgjeving og rettleiing
- Ambulant behandling der det er hensiktsmessig
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
- Ønskjeleg med erfaring frå arbeid i psykisk helsevern eller med barn og ungdom
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner på tvers av profesjonar og yrkesgrupper
- Du er god til å kommunisere med pasientar og medarbeidarar
- Du er god til å arbeide strukturert og målretta
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert skanna og lasta opp som vedlegg til din CV
Byen vår!
Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Kontaktinformasjon
Toril Kvisvik, Konst. seksjonsleiar, +47 95781432, Toril.Kvisvik@helse-mr.noArbeidsstad
Sykehusgata 26508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4881654270
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Sykehusgata 2, 6508 Kristiansund N
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Psykolog, Helsepersonell
- FINN-kode
- 382509429
- Sist endret
- 27. nov. 2024 01:44