Ferievikarar Medisinsk sengepost,  Nordfjord sjukehus

Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost NSH, Helse Førde
Stillingstittel
Ferievikarar Medisinsk sengepost NSH
Frist
05.01.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Medisinsk sengepost, Nordfjord sjukehus har behov for ferievikarar sommaren 2025.

Vi treng både sjukepleiarar, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar og assistentar med erfaring i perioden 16.06.2025- 24.08.2025

Vi er ein heildøgns sengepost med totalt 16 senger, inkludert 3 overvakingssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord, og tek i mot det meste av augeblikkleg hjelp frå dette området.

Ber om at det blir opplyst i søknaden kva arbeidsperiode og stillingsprosent som er ønskjeleg.


Arbeidsoppgåver

  • Observasjonar, triagering og målingar av vitale parameter
  • Gruppeleiing og medikamenthandtering  
  • Ivareta pasientar sine grunnleggande behov i høve pleie, omsorg og aktivitet
  • Mottak av pasientar, kartlegging av hjelpebehov
  • Observasjon og måling av kliniske parametrar
  • Dokumentasjon i elektronisk pasientjournal
  • Samarbeid med andre faggrupper på sengeposten
  • Oppfølging av daglege rutiner i sengeposten
  • Todelt turnus for helsefagarbeidar/studentar 
  • Tredelt turnus for sjukepleiarar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar/hjelpepleiar
  • Sjukepleiarstudent 
  • Må beherske godt norsk både skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og er interessert i å bidra til at pasientane får ei best mogeleg oppfølging under innlegginga
  • Du kommuniserer godt med pasientar og pårørande
  • Du samarbeider godt med kollegaer og samarbeidspartnarar
  • Du likar å arbeide i spennande og gjerne krevjande situasjonar
  • Du trivast i arbeid som krev at du må halde deg fagleg oppdatert, og finne løysingar på korleis ein kan utvikle faget
  • Du er god til å sjå kva som skal gjerast, og tilbyr og mottar hjelp
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Du er fleksibel og engasjert

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse

#sommarjobb
#sommarjobbnordfjord

Kontaktinformasjon

Ida Kristin Skålbones, Einingsleiar, 57864156 / 97702704

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 14

6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde


Referansenr.: 4890176124

Stillingsprosent: 100%

Engasjement

Søknadsfrist: 05.01.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
5
Sted
Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
382661147
Sist endret
28. nov. 2024 03:15