Ferievikar bioingeniør / bioingeniørstudent

Arbeidsgiver
LMBB, seksjon LSH, Helse Førde
Stillingstittel
Ferievikar Bioingeniør / Bioingeniørstudent
Frist
12.01.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Laboratorium for medisinsk biokjemi og blodbank, Lærdal sjukehus treng ferievikarar i tidsrommet 10.06.2025 - 17.08.2025. 

Høver for 1. - 3. års studentar, masterstudentar, eventuelt andre helsefagutdanningar. Er du ferdig utdanna bioingeniør kan det vere moglegheit for forlenga jobbtilbod.

Lærdal sjukehus er lokalsjukehus for Indre Sogn. Lærdal ligg inst ved Sognefjorden med god kommunikasjon både til Oslo (4,5 time) og Bergen (3 timar). Her er typisk vestlandsnatur med flott turterreng både i låglandet og til fjelles. Ved fjorden er det flotte forhold for båtliv, kano/kajakk, bading, og sauna.                                                     

Lærdal og kommunane rundt har i løpet av sommaren fleire festivalar som Jordeplerock, Målrock, "Kom heim"-festival, "Fresen" med meir. Her er også treningsstudio, kafear og kino.

Spesifiser i søknaden kva periode det er aktuelt for deg å arbeide. Ferievikarar er dagtidsarbeidarar, og har fri alle helgar.


Arbeidsoppgåver

  • Blodprøvetaking
  • Analysearbeid
  • Telefon og prøvemottak 

Kvalifikasjonar

  • 1- 3. års bioingeniørstudent, evt andre helsefagutdanningar
  • Gode kunnskapar i norsk både skriftleg og munnleg

Legg ved karakterutskrift frå avslutta fag
Oppgi referanse t.d. frå utdanning eller tidlegare arbeidsgjevar 

Personlege eigenskapar

  • Du må like utfordringar og ha eit ønskje om å utvikle kompetanse og ferdigheiter som bioingeniør
  • Vere serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lærerike arbeidsoppgåver og relevant opplæring
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Bustad


 
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Kari Grøttebø, Seksjonsleiar, 57640020 - 97659155

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde


Referansenr.: 4891004466

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 10.06.2025

Sluttdato: 17.08.2025

Søknadsfrist: 12.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Annet
FINN-kode
382664883
Sist endret
29. nov. 2024 07:33