Eigedomssjef

Arbeidsgiver
Ulstein kommune
Stillingstittel
Eigedomssjef
Frist
05.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer Eigedomssjef i Ulstein kommune

Er du ein framoverlent leiar med teknisk innsikt og sans for gode relasjonar? Har du erfaring frå eigedomsforvaltning og lyst til å ta ansvar for utvikling av ein spennande eigedomsportefølje? Då er dette moglegheita du har venta på!


Ulstein kommune søkjer ein engasjert og fagleg dyktig eigedomssjef som vil spele ei sentral rolle i utviklinga av kommunens eigedommar.


Arbeidsoppgåver

Som eigedomssjef får du ansvar for:

  • Overordna ansvar for eigedomsforvaltning i kommunen, inkludert økonomisk, teknisk og strategisk oppfølging.
  • Leie og utvikle eit kompetent team innan eigedomsforvaltning.
  • Planlegging og gjennomføring av nye byggeprosjekt, vedlikehald og andre utviklingsprosjekt
  • Forhandling og administrasjon av leigeavtalar og oppfølging av bustadsosialt arbeid.
  • Oppfølging av brukarar og samarbeidspartnarar for å sikre gode relasjonar og høg brukartilfredsheit.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som har:

  • Relevant høgare utdanning, gjerne innan eigedomsfag, økonomi, jus eller tekniske fag.
  • Erfaring innan eigedomsforvaltning eller liknande
  • God kjennskap til økonomisk styring, tekniske vurderingar og juridiske rammeverk.
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, både munnleg og skriftleg (nynorsk).
  • Leiarerfaring
  • Kompetanse innan offentleg forvaltning, offentlege innkjøpsreglar og forsikring

Personlege eigenskapar

Du er:

  • Proaktiv, positiv og resultatorientert.
  • Ein relasjonsbyggjar som trivst med å jobbe med menneske og løyse utfordringar.
  • Strukturert og målretta, med evne til å sjå heilskapen i komplekse prosjekt.

Vi tilbyr

  • Ei spennande stilling i ei dynamisk og utviklingsorientert kommune.
  • Moglegheiter til å påverke og utvikle kommunen sine eigedomar.
  • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår.
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø med fokus på utvikling, samhald og innovasjon.

Kontaktinformasjon

Jarl Martin Møller, Kommunedirektør, +47 97506761

Kari Riise, Personalleiar, 99268701, kari.riise@ulstein.kommune.no

Arbeidsstad

Sjøgata 63

6065 ULSTEINVIK

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Ulstein kommune


Referansenr.: 4891379031

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 05.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Sjøgata 63, 6065 Ulsteinvik
Stillingsfunksjon
Ledelse, Økonomi og regnskap, Ingeniør
FINN-kode
383207868
Sist endret
02. des. 2024 09:55