Konsulent skog-, vilt-, jordbruk- og naturforvaltning
- Arbeidsgiver
- Gulen kommune
- Stillingstittel
- PLT. Tilsetjing i inntil 100% fast stilling konsulent skog, vilt, jordbruk og naturforvaltning
- Frist
- 15.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Har du lyst til å vere med i eit spanande og aktivt team på Plan, landbruk og teknisk i Gulen kommune?
Me lyser no ut i inntil 100% fast stilling som konsulent innan skog-, vilt-, jordbruk- og naturforvaltning. Tilsetjinga kan vere deltid ned til 50%, dersom dette er ynskjeleg for den som vert tilsett. Arbeidsoppgåvene vil då verte redusert innan jordbruk- og naturforvaltning, og hovudfokuset vil vere på skog- og viltforvaltning. Oppstart er frå snarast/etter avtale med leiar.
Velkomen som søkjar til eit triveleg og godt arbeidsmiljø! Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon om stillinga.
Me tilbyr
- Godt arbeidsmiljø
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode moglegheiter til å utvikle deg, ta initiativ og styre eigen arbeidskvardag. Vi har fleksitid, og kan vurdere delvis heimekontorløysing ved behov.
- Hjelp til å skaffe bustad
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Bakteppe
Gulen kommune er i rask utvikling, og eining Plan, landbruk og teknisk spelar ei viktig rolle i samfunnsutviklinga. Me er ei gruppe på 10 tilsette i eininga i dag. Fagområda i eininga generelt er byggjesak, kart og oppmåling, arealplanlegging, skog og jordbruk, viltforvaltning, vassressursforvaltning, miljø, klima og forureining. Vi arbeider som ei eining kor alle tilsette får innsikt i heilskapen i samfunnsutviklinga og brei fagkompetanse innanfor fleire av fagområda. Eininga skal delta aktivt i å møte behova i eit samfunn i rask utvikling.
Det er særskilt to målsettingar frå kommunen sine overordna planar som set rammer for stillinga. Den fyrste er at kommunen i all utvikling særleg skal vurdere korleis det rike natur- og kulturlandskapet vert ivareteke. Vidare skal kommunen bidra til å sikre framtidige generasjonar ved å vere oppdatert på nyaste kunnskap og kutte utslepp i tråd med nasjonale mål.
Arbeidsoppgåver
- Handsame søknader og forvalte tilskotsordningar innan landbruk-, vilt- og naturforvaltning
- Fylgje opp planar og drive prosjektstyring innan landbruk-, vilt- og naturforvaltning
- Drive informasjonsarbeid og bidra med kunnskap innan landbruk-, vilt- og naturforvaltning
- Vere pådrivar og jobbe aktivt for næringsutvikling i landbruket
- Handsame søknader om motorferdsel i utmark
- Fylgje opp forureiningssaker
- Fylgje opp naturmangfaldsplanen
- Oppdatere og fylgje opp klima- og miljøplanen
- Oppgåver kan endre seg/kome til i høve utdanning, ønskje og kommunen sitt behov
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig utdanning på høgskule- eller universitetsnivå innanfor relevant fagområde. Arbeidserfaring frå liknande arbeid kan kompensere for manglande utdanning.
- Arbeidserfaring frå eitt eller fleire av fagfelta er ein fordel
- God på å sette deg inn i nye digitale system
- Gode IKT- kunnskapar
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftlege
- Har førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Ha engasjement og interesse for viltforvaltning, landbruk, klima og miljø
- God samfunnsforståing
- Blir motivert av å kunne bidra til ei berekraftig, klima- og miljøvenleg samfunnsutvikling
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Kunne arbeide sjølvstendig og løysingsorientert
- Kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagd ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan pleie og omsorg, Miljøtenesta, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkarjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Eivindvikvegen 1119, 5966 Eivindvik
- Stillingsfunksjon
- Saksbehandler, Rådgivning, Annet
- FINN-kode
- 383257353
- Sist endret
- 03. des. 2024 11:54