Medisinstudent med lisens
- Arbeidsgiver
- Nordfjord psykiatrisenter, Helse Førde
- Stillingstittel
- Medisinstudent med lisens
- Frist
- 05.01.2025
- Ansettelsesform
- Sommer/Sesong
Beskrivelse
Nordfjord psykiatrisenter sine to døgnpostar har samla to ledige ferievikariat for medisinstudentar med lisens i ferieperioden: 23.06.2025 - 17.08.2025.
Seksjon rus har 10 døgnplassar og gjev tilbod om tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Sengeposten har ei tverrfagleg personalgruppe - her jobbar mellom andre psykolog, sosionom, overlege, lege i spesialisering, helsesportspedagog, fysioterapeut, erfaringskonsulent, miljøterapeutar og miljøarbeidarar.
Seksjon døgn har 12 døgnplassar og er ein felles psykose - og allmenpsykiatrisk døgnpost med ei tverrfagleg personalgruppe - her jobbar mellom andre psykolog, overlege, sosionom, lege i spesialisering, erfaringskonsulent, miljøterapeutar og miljøarbeidarar.
Kandidatar som kan jobbe heile ferieperioden kan bli prioriterte ut frå dette,det er difor viktig at dette vert oppgjeve tydeleg i søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Pasientansvarleg koordinator
- Pasientbehandling
- Dagarbeidstid mandag til fredag, vaktarbeid inngår ikkje i vikariatet
Kvalifikasjonar
- Gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg
- Lisens, men kandidatar utan lisens kan også søkje
- Kandidatar som kan jobbe heile ferieperioden kan bli prioriterte ut frå dette, det er difor viktig at dette vert opplyst om tydeleg i søknaden.
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Sjølvstendig
- Gode kommunikasjonsevner
- Trivst med å jobbe i tverrfagleg team
- Personleg eigna vi lbli vektlagt
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- God opplæring
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
- Gratis bustad
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
#sommarjobb
#sommarjobbnordfjord
Kontaktinformasjon
Arild Krogh Nøstdal, Seksjonsleiar, 57864342/ 57864330Synnøve Merethe Johnsen, Seksjonsleiar, 57864335/ 57864330
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 96770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4888347881
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 23.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Sjukehusvegen 9, 6770 Nordfjordeid
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier
- FINN-kode
- 383259410
- Sist endret
- 03. des. 2024 12:17