Ferievikarar, turnusarbeid i døgnpost
- Arbeidsgiver
- Nordfjord psykiatrisenter, Helse Førde
- Stillingstittel
- Ferievikar
- Frist
- 05.01.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Nordfjord psykiatrisenter sine to døgnpostar har samla omlag 13 ledige ferievikariat for sommarferieperioden 23.06.2025 - 17.08.2025.
Vi søkjer sjukepleiarar og vernepleiarar, kandidatar med treårig helse- og sosialfagleg utdanning, idrettsutdanning, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar, studentar i relevant utdanning, andre kan også søkje.
Seksjon rus har 10 døgnplassar og gjev tilbod om tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Sengeposten har ei tverrfagleg personalgruppe - her jobbar mellom andre psykolog, overlege, lege i spesialisering, erfaringskonsulent, helsesportspedagog, fysioterapeut, sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar og sosionomar.
Seksjon døgn har 12 døgnplassar og er ein felles psykose - og allmenpsykiatrisk døgnpost med ei tverrfagleg personalgruppe - her jobbar mellom andre psykolog, overlege, lege i spesialisering, sjukepleiarar, vernepleiarar, erfaringskonsulent, helsefagarbeidarar og sosionomar.
Søkjarar som kan jobbe heile ferieperioden kan bli prioriterte, det er difor viktig at det vert gjeve tydelege opplysningar om dette i søknaden.
Meir informasjon om Nordfjord psykiatrisenter finn du her: Nordfjord psykiatrisenter
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av pasientar i døgnpost, arbeid i tverrfagleg team
- Tredelt turnus, dag/kveld/natt/helg
- Miljøterapi
- Deltaking i behandlingstilbodet fysisk trening og aktivitet
Kvalifikasjonar
- Gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg
- Vi ønskjer kandidatar med treårig helse - og sosialfagleg utdanning, idrettsutdanning, helsefagarbeidarar/hjelpepleiarar, men andre kan også søkje.
- Vikarar må vere fylt 18 år.
- Søkjarar som kan jobbe heile ferieperioden kan bli prioriterte, det er difor viktig at søkjar gjev opplysningar om dette i søknaden.
Personlege eigenskapar
- Strukturert
- Sjølvstendig
- Gode kommunikasjonsevner
- Trivst med å jobbe i tverrfagleg team
- Personleg eigna vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- God opplæring
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
#sommarjobb
#sommarjobbnordfjord
Kontaktinformasjon
Arild Krogh Nøstdal, Seksjonsleiar NPS rus, 57864342/ 57864330Synnøve Merethe Johnsen, Seksjonsleiar NPS døgn, 57864335/ 57864330
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 96770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4888357329
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 23.06.2025
Sluttdato: 17.08.2025
Søknadsfrist: 05.01.2025
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 13
- Sted
- Sjukehusvegen 9, 6770 Nordfjordeid
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Sykepleier
- FINN-kode
- 383259749
- Sist endret
- 03. des. 2024 12:29