Politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar
- Arbeidsgiver
- Bergen nord politistasjonsdistrikt, Avsnitt for politipatrulje
- Stillingstittel
- Politioverbetjent med funksjon som avsnittsleder
- Frist
- 22.12.2024
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
I Vest politidistrikt, GDE Bergen Askøy og Øygarden, Bergen nordpolitistasjonsdistrikt, er det ledig ei fast stilling som politioverbetjent med funksjon som avsnittsleiar (SKO 0287) ved Avsnitt for politipatrulje.
Bergen nord politistasjon består av Avsnitt for politipatrulje, Avsnitt for etterforsking, førebyggarar og ein sivil medarbeidar. I tillegg er personretta etterforsking underlagt Avsnitt for etterforsking.
Me søkjer deg som er engasjert, motivert, handlekraftig og ein lagspelar som er genuint oppteken av å leia medarbeidarar ved eit operativ miljø. Du evnar å samhandla på tvers for å sørgje for best mogleg ressursutnytting ved avsnittet, eigen GDE og i det operative samarbeidet i politidistriktet, for å levara best mogleg beredskap og tenester av høg kvalitet.
Som leiar av avsnittet skal du utøvde dagleg leiing. Du skal rettleia og følgja opp medarbeidarane dine slik at dei har kunnskap, ferdigheiter og haldningar som tek hand om tryggleiken ved avsnittet. Avsnittsleiar deltek i tenesteeininga si leiargruppe.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for å planleggja, organisera og leia den daglege teneste ved avsnittet
- Gi fagleg rettleiing til medarbeidarane ved avsnittet
- Delta i den daglege teneste på avsnittet og tenesteininga
- Personalansvar for medarbeidarane ved avsnittet og sørgja for oppfølging av mannskapa ved sjukefråvær, og etter akutte, vanskelege eller større hendingar
- Resultat- og HMS ansvar på eige avsnitt
- Ansvar for god koordinering og samhandling mellom patruljeavsnitta i GDE Bergen, Askøy og Øygarden
- Ansvar for vedlikehald av bilar, våpen og anna materiell
- Leia mannskapa i kunnskapsbasert politiarbeid
- Patruljeteneste 3.kvar helg og ved behov. Ha funksjonen som S04 ved behov
- Delta i tjenesteeieininga si leiargruppe
- Være med å utvikla ein kultur for openheit gjennom god leiing og aktivt medarbeidarskap
- Sørgja for effektiv og tydelege kommunikasjon med medarbeidarar, samarbeidspartnarar, innbyggarar og andre
- Andre oppgåver som måtte definerast av tenesteeiningsleiar
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
- Brei og allsidig politifagleg kompetanse og politioperativ erfaring i minst 5 år
- God kjennskap til planverk, instruksar og bruk av datasystema til politiet
- God kjennskap til politiets arbeidstidsreglar (ATB) og HMS-rutinar. Du må ha, eller forplikta deg til å gjennomføra opplæring i arbeidsmiljø
- Godkjent utrykkningsførar
- Operativt godkjent som IP 4, eller vera i stand til å få slik godkjenning på kort sikt
- God system- og IT kompetanse
Ønskjelege
- Leiarutdanning- formalkunnskap innan administrasjon, organisasjon og leiing vil bli vektlagt
- Leiarerfaring med personalansvar vil bli vektlagt
- Relevant etter- og vidareutdanning er ein fordel
- Erfaring frå etterforsking er ein fordel
- God resultatoppnåing i tidlegare stillingar er ein fordel
Personlege eigenskaper
- Resultatorientert med evne til å ta avgjerder og ha god gjennomføringsevne
- Motivere og skapa resultat i samhandling med andre
- Gode evner til kommunikasjon og relasjonsbyggjing
- Evne til å tenkja klart i ein hektisk arbeidskvardag, og leiga andre gjennom det same
- Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i samfunnsoppdraget i politiet
- Setje retning, driva endring og bidra til god verksemdsutvikling
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spanande arbeidsplas for deg som vil vera med på å forma fratidas politi
- Eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer
- Stillinga som politioverbetjent med funksjon som avnsittsleder (SKO 0287) blir løna, frå kr 759.100 - brutto per år. Vidare lønnsutvikling vil skje gjennom lokale lønnsforhandlingar, jfr houvedtriffavtalane i staten.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant annet gode pensjons- og forsikringsordninger (www.spk.no)
Generelt
For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvillkår for staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven.
Søkjar må kunne bruke både bokmål og nynorsk. Det er krav om plettfri vandel.
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi trenger medarbeiderar med ulike kompetanser, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda bedre oppgåveløsning. Dersom det er mogleg vil vi tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hull i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i disse gruppene, det vil si positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav.
Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i vår rekrutteringsporta dersom dei har fuksjonsnedsetting, hul i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i rekrutteringsportalen dannar grunnlag for anoymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar. Les mer på https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Statfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjerlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jfr Offentleglova § 25. Vi ber om elektronsik søkand via lenka
Saksnr.: 24/258176
Kontaktinformasjon
Ørjan Hjortland, Politistasjonssjef, 99489505Spørsmål om elektronisk søknad/ CV, Seksjon for HR, 207.HR@politiet.no
Arbeidsstad
Litleåsvegen 435132 Nyborg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vest politidistriktReferansenr.: 4881002020
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 22.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Litleåsvegen 43, 5132 Nyborg
- Stillingsfunksjon
- Ledelse, Annet, Kontor og administrasjon
- FINN-kode
- 383679208
- Sist endret
- 05. des. 2024 12:34