Overlege Karkirurgi

Arbeidsgiver
Kirurgisk klinikk, Helse Bergen
Stillingstittel
Overlege Karkirurgi
Frist
01.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Kirurgisk klinikk, Avdeling for karkirurgi, har ledig fast stilling som overlege og eit vikariat i 12 månader som overlege. Dette er ein spennande moglegheit til å bli ein del av ein av dei største og mest avanserte karkirurgiske avdelingane i Noreg.

Karkirurgisk avdeling diagnostiserer og behandlar eit breitt spekter av karkirurgiske tilstandar. Vi utfører mellom anna open og endovaskulær kirurgi for aneurismer, carotiskirurgi, perifer karkirurgi og aksesskirurgi. Avdelinga har eit tett samarbeid med intervensjonsradiologisk avdeling, thoraxkirurgi, kardiologi og andre spesialitetar. Vi er eit tertiærsenter for heile Vestlandet og dekker alle karkirurgiske problemstillingar i regionen.

Vi har omfattande poliklinisk og dagkirurgisk verksemd og eit eiga sirkulasjonslaboratorium. Avdelinga er i ferd med å bygge opp eit forskingsmiljø og har PhD-kandidatar.

Det blir forventa at du som overlege bidrar til forsking og undervisning, inkludert rettleiing av medisinstudentar og LIS-legar.

Avdelinga har 6-delt bakvaktordning med passiv nattvakt. LIS-legar i karkirurgi har eige forvaktsjikt fram til kl. 20 på kvardagar, og i tillegg er det deltaking av to karkirurgiske Lis 2 i eit døgnbasert forvakssjikt. Det er 14 legestillingar knytt til Karkirurgisk avdeling. 


Arbeidsoppgåver

  • Tilby kirurgisk kompetanse og nærvær i både elektiv og akutt karkirurgi
  • Diagnostisere og behandle pasientar med ulike karkirurgiske tilstandar
  • Disponere og administrere ØH-stuer i samråd med kirurgiske bakvakter
  • Visittgang på inneliggande pasientar
  • Rettleie og lære opp yngre legar
  • Delta i forsking og fagutvikling ved avdelinga
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og samarbeid på tvers av spesialitetar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Spesialist i karkirurgi
  • Relevant erfaring frå sjukehus, med vekt på karkirurgisk praksis
  • Meistrar norsk flytande, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig, nøyaktig og målretta
  • Ansvarsbevisst og pasientorientert
  • Viser sjølvstende og tryggleik i forhold til vaktkompetanse for det breie spekteret av pasientar vi handterer
  • Gode prioriteringsevner under press
  • Sterk på kommunikasjon og samarbeid
  • Evne til å bidra til eit inkluderande og positivt arbeidsmiljø
  • Trivst i eit aktivt og travelt arbeidsmiljø med høgt tempo
  • Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar i vurderinga av kandidatar. Sjølvstende, nøyaktig og målretta

Vi tilbyr

  • Lønn etter gjeldande avtaleverk
  • Ein arbeidsplass med høgt fagleg nivå og sterke moglegheiter for forsking og fagutvikling
  • Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
  • Eit unikt tverrfagleg arbeidsmiljø i ein av Noregs leiande karkirurgiske avdelingar
  • Svært godt arbeidsmiljø med eit tett og inkluderande samarbeid
  • Stor grad av moglegheit til å påverke avdelingas retning og utvikling

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Espen Tyse Gubberud, Avdelingssjef, 97624606

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22

5009 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4893444818

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikariat

Startdato: 03.02.2025

Søknadsfrist: 01.01.2025

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen
Stillingsfunksjon
Lege / Overlege, Lege, Helsepersonell
FINN-kode
383699567
Sist endret
06. des. 2024 06:55