Avdelingsleiar institusjon

Arbeidsgiver
Høyanger kommune Høyanger sjukeheim
Frist
31.12.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søkjer deg som har stort engasjement for kvalitet og som ser høg verdi i tverrfagleg samarbeid. Helse og omsorg er i stadig utvikling og ei viktig oppgåve er utvikling av tenestene ved bruk av moglegheiter som ligg i velferdsteknologi og digitalisering.

Vi har ledig 100% stilling som avdelingsleiar ved Høyanger sjukeheim

Som leiar med personalansvar ser du dine medarbeidarar og er opptatt av å legge til rette for eit godt arbeids- og fagmiljø for å kunne har eit best mogeleg grunnlag for å yte gode tenester til våre brukarar i tett samarbeid med einingsleiar for institusjon.

 Kva får du ansvar for:

  • organisere og prioritere avdelinga sine tilbod og aktivitetar i samsvar med einingsleiar sine prioriteringar og  nytte avdelinga sine tildelte ressursar innan prioriterte oppgåver.
  • fagleg ansvar for kvalitet og tenesteutvikling i avdelinga
  • dagleg drift med personalansvar for alle personalgrupper i avdelinga. Ansvar for utarbeiding av turnus saman med tillitsvalde
  • syte for at avdelinga sine gjeremål er kvalitetssikra gjennom rutinar for arbeidsfordeling, faglege og administrative prosedyrar og internkontroll.
  • organisere og kvalitetssikre intern opplæring/undervisning som er fastlagd i planar og vedtak i Høyanger kommune.
  • sikre at alle nytilsette får tilfredsstillande innføring i avdelinga sine faglege og administrative rutinar.
  • rapportere driftsavvik i samsvar med Høyanger kommune sine rutinar og syte for naudsynte tiltak for å førebyggje driftsavvik.

 

Kvalifikasjonar:

  • Utdanning som sjukepleiar. Andre faggrupper som vernepleiar, sosionom og helsefagarbeidarar kan og søkje. Relevant leiarerfaring er ein føremon. Førarkort kl B.

 

Personlege eigenskapar:
  • gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
  • tillitsskapande med høg integritet
  • fleksibel og endringsorientert
  • tydeleg og god på å prioritere
  • engasjert og nytenkjande
  • evne å motivere tilsette

Personlege eigenskaper vert vektlagt.

 

 Kvifor søkje jobb hos oss:
  • interessante og spennande arbeidsoppgåver
  • konkurransedyktig lønn
  • rettleiing
  • flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ mot bindingstid
  • gode pensjons- og forsikringsordningar 

Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Storgata 8, 6993 Høyanger
Stillingsfunksjon
Ledelse, Helsepersonell
FINN-kode
383833115
Sist endret
19. des. 2024 07:57