Førstekonsulent innan våpenforvaltning

Arbeidsgiver
Felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie - Seksjon for forva
Stillingstittel
Førstekonsulent innan våpenforvalting
Frist
02.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig ei førebels stilling som førstekonsulent, med våpenforvaltning som hovudarbeidsoppgåve. 

Vi søker deg som har motivasjon og erfaring/ interesse for forvaltning. Du er ein positiv miljøskapar, er serviceinnstilt, effektiv, fleksibel og god å samarbeida med og har evne til å takla eit høgt arbeidstempo. Du kommuniserer godt, har lærevilje, evne til gjennomføring, er sjølvstendig, nøyaktig og strukturert.

Stillinga er for tida organisert ved Seksjon for forvaltning som er ein av fire seksjonar under Felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie (FUFSR). Kandidaten vil inngå i eit team der tre-fire saksbehandlarar har ansvar for dei same oppgåvene. Hovudoppgåvene til denne stillinga vil vera innanfor våpenforvaltning.

Forvaltningsseksjonen har medarbeidarar lokalisert ved Kristiansund politistasjon og Hustadvika politistasjon i Elnesvågen. Stillinga blir lyst ut med arbeidsstad Hustadvika politistasjon, der saksbehandlarstillingane på våpenforvaltninga er samlokaliserte. 

Medarbeidarane ivrar for forvaltningsoppgåvene og utnyttinga til politiet av høva forvaltningssporet har til å førebyggje kriminalitet og ulykker.

Politiet har ei medarbeidarplattform som krev at medarbeidarane er modige, tenkjer og handlar heilskapleg, viser respekt og er tett på. I vurderinga av kandidatane til stillinga vil også desse krava bli vektlagde.


Arbeidsoppgåver

  • Saksbehandling innan forvaltningsgjeremålet til politidistriktet, med hovudvekt på våpenforvaltninga til politiet.
  • Kontrollar/saksbehandling i samband med forvaltningskontroll, opp mot våpenforhandlarar, skyttarlag og våpeneigarar.
  • Saksbehandling innan andre forvaltningsgjeremål må påreknast.
  • Ha fokus på førebygging gjennom forvaltning.
  • Legga til rette for kunnskapsbasert erfaringslæring – bidra til kompetansedeling innan forvaltningsområdet.
  • Eksterne foredrag og/eller rettledning for samarbeidspartnarar.
  • Kan påleggast andre oppgåver.

Kvalifikasjonar

Nødvendige:

  • Relevant høgare utdanning, minimum bachelorgrad. Særleg relevant praksis og realkompetanse kan erstatta kravet om utdanning
  • Eventuell utdanning frå utlandet må vera godkjent av Nasjonalt organ for kvalitet i utdanning (NOKUT) før ansettelse
  • Kjennskap til norsk offentleg forvaltning og saksbehandling
  • God skriftleg og munnleg utrykks- og formidlingsevne på norsk
  • God muntlig framstillingsevne på engelsk
  • God basiskunnskap innan IKT
  • Du må ha plettfri vandel og vere skikka for tjeneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må du pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.

Ønska:

  • Kurs/studier innenfor forvaltning/juridiske fag
  • Erfaring fra arbeid innen offentlig forvaltning generelt og innen fagfeltet spesielt
  • God skriftlig formidlingsevne på engelsk
  • Gode IKT-kunnskapar
  • God kjennskap til politiets registre

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert og har evne til å prioritere oppgaver effektivt
  • Du er effektiv, nøyaktig og lærevillig
  • Du kommuniserer tydelig og tilpasser deg ulike målgrupper
  • Du er god på å håndtere stress
  • Du er engasjert og positiv, med evne til å bidra til et godt arbeidsmiljø

Som medarbeider i politiet har du høy etisk bevissthet, du kjennetegnes av å være modig og helhetsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese mer om våre etiske retningslinjer og medarbeiderplattform her:  https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/

Vi tilbyr

  • En utfordrende og spennende arbeidsplass for deg som vil være med på å forme fremtidens politi
  • Førebels stilling som førstekonsulent (stillingskode 1408) i Møre og Romsdal politidistrikt.
  • Varigheit for førebels stilling er til og med 31.12.2025.
  • Stillingen lønnes som førstekonsulent fra kr 495 200,- til kr 565 900,- brutto per år.
  • For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert.
  • Endelig plassering av lønn er avhengig av erfaring, kvalifikasjoner og ansiennitet.
  • Tilsetjing etter gjeldande regelverk, lov om statens tilsette, personalreglement mv.
  • Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte om du går bort, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk.
  • Fleksibel arbeidstid
  • Mogelegheit for trening i arbeidstida
  • Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.


Kontaktinformasjon

Sissel Straume Brevik, Seksjonsleiar, 97140982

Arbeidssted

Torget 8

6440 Elnesvågen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Møre og Romsdal politidistrikt


Referansenr.: 4888651189

Stillingsprosent: 100%

Førebels

Startdato: 03.02.2025

Sluttdato: 31.12.2025

Søknadsfrist: 02.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Torget 8, 6440 Elnesvågen
Stillingsfunksjon
Saksbehandler, Annet, Kontor og administrasjon
FINN-kode
383847637
Sist endret
09. des. 2024 07:27