70 % stilling som helsefagarbeidar/miljøterapeut i Tilrettelagte tenester

Arbeidsgiver
Øystre Slidre kommune
Stillingstittel
70 % stilling som helsefagarbeidar/miljøterapeut i Tilrettelagte tenester
Frist
02.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ynskjer du deg ein jobb med meining og varierte arbeidsdagar i eit godt fagmiljø? Tilrettelagte tenester yter tenester til menneske med ulike bistandsbehov i alle aldrar. Arbeidet er svært allsidig, og kan variere mellom alt frå bistand til dagleglivets aktivitetar til fritidsaktivitetar og avlastning for born og ungdom. Tenesta er aukande, og det er særleg behov for medarbeidarar som ynskjer å arbeide med born/ungdom og unge vaksne. Kommunen er og med i KS-prosjektet TØRN, der tilsette får anledning til å vere med og påvirke eigen arbeidskvardag, turnus m.m.

Vi søkjer deg som har fagbrev som helsefagarbeider, barne- og ungdomsarbeider, eller har relevant 3-årig utdanning.

Arbeidsoppgåver

  • Arbeid i bustad for menneske med utviklingshemning og ulike bistandsbehov
  • Arbeid i avlastningsbustad for born og unge
  • Utøve målretta miljøarbeid
  • Hjelpe og rettleie tenestemottakarar i daglege gjeremål og vere med på fritidsaktivitetar
  • Medikamenthandtering

Kvalifikasjonar

  • Relevant 3-årig høgskuleutdanning eller fagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar
  • Kjennskap til målretta miljøarbeid og evne til å arbeide målretta etter tiltak
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Du bør ha førarkort for bil
  • Godkjent politiattest må framleggast før du startar

Personlege eigenskapar

  • Du må vere etisk reflektert, møte alle med respekt og ha brukaren sin sjølvråderett i fokus
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team, ta initiativ, vere løysningsorientert og lærevillig
  • Vere fleksibel, positiv, ansvarsbevisst og ha gode samarbeidsevne
  • Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • God opplæring og veiledning
  • Opplæring i fagsystem
  • Engasjerte og fagleg dyktige medarbeidarar
  • God pensjonsordning i KLP

Kontaktinformasjon

Maren Hvitmyhr, Avdelingsleiar Tilrettelagte tenester, +47 90074703

Arbeidsstad

Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 4888418906
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 02.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
383873318
Sist endret
09. des. 2024 10:49