Førsteamanuensis (50%) i designhistorie og -teori ved Institutt for design
- Arbeidsgiver
- Universitetet i Bergen
- Stillingstittel
- Førsteamanuensis (50%) i designhistorie og -teori ved Institutt for design
- Frist
- 19.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Førsteamanuensis
Ved Institutt for design er det ledig ei 50% stilling som førsteamanuensis i designhistorie og -teori. Tilsetjing er ønska så snart som mogleg.
Arbeidsoppgåver/forskingsområde:
Vi søker ein førsteamanuensis med fagleg bakgrunn og erfaring med undervisning og forsking innan designhistorie og -teori.
Vår nye førsteamanuensis skal vere med på å vidareutvikle historie- og teorielement i programma på BA- og MA-nivå, i nært samarbeid med kollegaer innan våre fagområde møbeldesign, interiørarkitektur og visuell kommunikasjon.
Søkarar må kunne undervise innafor eit bredt spekter av designhistoriske emne og teoretiske perspektiv knytt til designfeltet. Vi ser etter ein god formidlar og pedagog som kan hjelpe studentane til å sjå si faglege utøving i ein større samanheng.
Den ideelle kandidaten kan også undervise på tvers av fagdisiplinane kunst og design, og kan være med på å utforme tverrfaglege emne på fakultetet. Undervisning skjer gjennom førelesingar, samt leiing av gruppearbeid og praksisnære øvingar.
Vår nye førsteamanuensis skal også bidra til forsking og utviklingsarbeid ved Institutt for design gjennom utvikling av og deltaking i forskingsprosjekt og forskingsgrupper, samt målretta arbeid med søknadar om eksternfinansierte forskings- og innovasjonsprosjekt i samarbeid med interne og eksterne partnarar.
Arbeidsstad for stillinga er på campus i Bergen, og det vert forventa jamleg nærvær etter nærare avtale med instituttleiar.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning, rettleiing og eksamensarbeid på alle nivå
- Ansvar for undervisningsopplegg i samsvar med studieplanar
- Forskingsarbeid, inkl. prosjektutvikling/-leiing og aktiv deltaking i og leiing av forskingsgrupper
- Formidling
- Organisering og tilrettelegging av desse oppgåvene
- Administrative oppgåver og andre styringsoppgåver, inkl. komitéarbeid
- Rettleiing av studentar på BA-, MA- og ph.d.-nivå kan bli aktuelt
- Rekruttering av BA-, MA- og ph.d.-studentar, inkl. opptaksarbeid kan bli aktuelt
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd vitskapleg ph.d.-grad innan design, kunsthistorie eller anna relevant fagområde, eller kompetanse på tilsvarande nivå dokumentert ved vitskapeleg arbeid av same omfang og kvalitet. Det er ein føresetnad at avhandlinga er godkjent før tilsetjing som førsteamanuensis kan skje.
Til stilling som førsteamanuensis vert det kravd grunnleggjande kompetanse for undervisning og rettleiing på universitets- og høgskulenivå. Dette inneber fullført universitetspedagogisk utdanning, samt grunnleggjande ferdigheiter innan planlegging, gjennomføring, evaluering og utvikling av undervisning og rettleiing. Relevante kurs i kombinasjon med eigen praktisk undervisning vil kunne erstatte universitetspedagogisk program. Dersom den som blir tilsett ikkje kan dokumentere tilstrekkeleg utdanningsfagleg kompetanse ved tilsetting, må krava vere oppfylte innan to år.
Ved Universitetet i Bergen blir det lagt vekt på pedagogiske kvalifikasjonar ved tilsetjing i vitskaplege mellom- og toppstillingar.
Utdanningsfagleg kompetanse skal dokumenterast gjennom ei utdanningsfagleg mappe. Denne skal innehalde oversikt over praktisk erfaring og kompetanse, dokumentasjon av dette og eit kortfatta refleksjonsnotat. Notat skal primært vere knytt til eigen undervisningsfilosofi og vurdering av eigen undervisning i høve til kunnskap om studentar si læring i høgre utdanning. Nærare informasjon om dokumentasjon av utdanningsfagleg kompetanse finn du her.
Den faglege kompetansen vil bli vurdert av ein sakkunnig komité. Dei best kvalifiserte søkjarane vil bli kalla inn til intervju av ei intern intervjugruppe, og vil også kunne måtte halde prøveførelesning for stab og studentar ved instituttet.
I tillegg vil det bli lagt vekt på:
- Dokumentert allsidig kunnskap om moderne design og designhistorie eller dokumentert kompetanse innafor fagområda designhistorie og designteori
- Erfaring med undervisning på universitetsnivå.
- Organisatoriske evner og erfaring.
- Personlege og mellommenneskelege eigenskapar.
- Gode samarbeidsevner, med vekt på dialog og inkluderande fagleg kommunikasjon.
- Arbeide sjølvstendig og strukturert, vere ansvarsbevisst, fleksibel og imøtekommande.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 innan tre år etter tilsetjinga. UiB tilbyr norskopplæring og vil legge til rette for at språkkravet kan oppfyllast.
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø.
- Stilling som førsteamanuensis (kode 1011) i årsløn kr. 720 100 – 759 100 brutto i året i 100% stilling. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- CV.
- Vitnemål og attestar.
- Materiale som dokumenterer kunstnarleg utviklingsarbeid og kunstnarleg verksemd.
- Dokumentasjon av undervisningserfaring og pedagogiske kvalifikasjonar. (Last ned og fyll ut skjema for pedagogisk mappe).
Søkaren må gjere greie for sine kvalifikasjonar knytt til dei forhold stillinga krev og vektlegg.
NB: Søknadane blir vurderte ut frå den informasjonen som er tilgjengeleg i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen. Der originalen ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må det leggjast ved attesterte omsetjingar til eit av desse språka.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Fungerande instituttleiar Ørjan Djønne, tlf.: 92216862 , e-post: Orjan.Djonne@uib.no
For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Møllendalsveien 61, 5009 Bergen
- Stillingsfunksjon
- Undervisning og pedagogikk, Annet
- FINN-kode
- 384301226
- Sist endret
- 09. des. 2024 04:02