Er du vår nye sjukepleiar?
- Arbeidsgiver
- Slag/generell indremedisinsk post, Stord sjukehus
- Stillingstittel
- Sjukepleiar
- Frist
- 06.01.2025
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Vi har no ledig fast stilling som sjukepleiar på medisin 3 slag/generell indremedisinsk avdeling.
Sengeposten vår har åtte senger og hovudvekt på slagbehandling, i tillegg til generelle indremedisinske diagnosar som infeksjonssjukdommar, kreft og covid. Her møter du fagleg dyktige kollegaer som set pasienten i sentrum og jobbar for å gi best mogleg behandling og omsorg – med heile mennesket i fokus. Vi er opptatt av å sjå og høyre både pasientar og kollegaer.
I det daglege samarbeider vi tett med andre yrkesgrupper, som fysioterapeutar, ergoterapeutar og logopedar, for å sikre ein heilskapleg behandling av pasientane våre.
Sjukehuset vårt har gode støttetenester innan anestesi, intensiv, radiologi med CT- og MR-laboratorium, fysioterapi og blodbank. Vi har full akuttberedskap innan medisin, kirurgi, føde, gynekologi og anestesi, og dekkjer eit opptaksområde med om lag 50 000 innbyggjarar fordelt på fem kommunar.
Er du ein sjølvstendig og engasjert sjukepleiar som ynskjer ei spanande og lærerik stilling? Vi kan tilby deg ein variert arbeidskvardag med gode kollegaer, eit inkluderande arbeidsmiljø, og fantastiske friluftsmoglegheiter rett utanfor døra.
👉 Søk i dag og bli ein del av vårt dyktige team!
Arbeidsoppgåver
- Pasientoppfølging
- Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid for å gi pasientar best mogleg opphald på sengeposten
- Gi god omsorg for pasient og dei pårørande
- Vere med på å utvikle og forbetre sengeposten sitt arbeid
- Studentrettleiing i praksis
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleier
- Må ha gode IKT-kunnskapar
- Må kunne jobbe med smittepasientar
- Erfaring med slagpasientar og smittevern vektlegges
- Gode norsk-kunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Søkjarar som har andre morsmål enn norsk, svensk eller dansk, og som ikkje har fullført norskspråklig vidaregåande skule, må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2 nivå.
Personlege eigenskapar vert vektlagde.
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er pasientorientert og har eit fagleg klinisk blikk
- arbeider sjølvstendig
- har høg arbeidsmoral
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- trivst i eit aktivt og travelt miljø
- likar å arbeide i eit tverrfagleg team
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå. Tverrfagleg samarbeid
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Avdelinga er i prosess med å kunne tilby turnus med langvakter om dette er av interesse
- Dersom intern søknad og tilsetjing kan det verte ledig andre stillingsstorleikar
Kontaktinformasjon
Maria Møen Bauge, Funksjonsleiar, +47 95960575Arbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4893020603
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 03.02.2025
Søknadsfrist: 06.01.2025
- Sektor
- Privat
- Sted
- Tysevegen 64, 5416 Stord
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier
- FINN-kode
- 384303584
- Sist endret
- 09. des. 2024 04:10