Sjukepleiar/vernepleiar 50% natt

Arbeidsgiver
Bjørgvin distriktspsykiatriske senter/ Bjørgvin psykose døgn, Helse Bergen
Stillingstittel
Sjukepleiar / vernepleiar 50% natt
Frist
23.12.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Bjørgvin distriktspsykiatriske senter (DPS) er ein moderne og veldreven klinikk i Divisjon psykisk helsevern, Haukeland universitetssjukehus. Bjørgvin DPS gir psykiatriske spesialisthelsetenester til innbyggjarar i kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen og Osterøy. Samt bydelane Arna og Åsane i Bergen kommune. 

Klinikken er delt inn i to fagområde; fagområde allmennpsykiatri og fagområde psykose, på Tertnes i Åsane. Du vil få tilbod om å jobba på psykose døgn.  

Psykose døgn er ein døgnavdeling med 12 sengeplassar fordelt på 2 etasjar. Psykose sengepost tilbyr spesialiserte tenester til pasientar med psykoseproblematikk. Som har som mål å gi heilskapleg og skreddarsydd behandling som fremmar betring og livskvalitet for denne pasientgruppa. 

Vi søker etter sjukepleiar eller vernepleiar i 50% stilling på natt til døgnavdeling psykose. Døgnavdelinga har ei høgt kvalifisert personalgruppe med sjuke- og vernepleiarar, helsefagarbeidarar og hjelpepleiarar. Der er også tilknytta overlege, psykologspesialist, psykolog, lege og sosionom. I tillegg har klinikken fysioterapeuter, musikkterapeut, kunst - og uttrykksterapeut og ernæringskonsulent , som gir tenester til seksjonane.


Arbeidsoppgåver

  • Mottak og oppfølging av pasientar
  • Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg opphald på avdelinga
  • Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
  • Arbeid på sengepost, førefallande oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Relevant arbeid frå fagfeltet

Personlege eigenskapar

  • Du har gode relasjonelle evner
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt miljø
  • Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
  • Du er punktleg og påliteleg

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit aktivt og trivelig arbeidsmiljø
  • Interesanne arbeidsoppgåver
  • Årsturnus med jobb kvar 4. helg

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ellen Stalheim, Seksjonsleiar, 55957140

Arbeidsstad

Tertnesveien 37

5113 Tertnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen


Referansenr.: 4893907724

Stillingsprosent: 50%

Fast

Søknadsfrist: 23.12.2024

Sektor
Offentlig
Sted
Tertnesveien 37, 5113 Tertnes
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
384305186
Sist endret
09. des. 2024 04:17