Fagansvarleg vernepleiar

Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Stillingstittel
Vernepleiar
Frist
01.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillingen

Elvevegen bueining består av 10 leilegheiter der det blir gjeven helse og omsorgstenester til bebuarar i ulike livsfasar og samansette hjelpebehov. I tillegg gjev me tenester til ein ekstern tenestemottakar i nærområdet. 

Me har òg avlastingsbustad for born og unge og tilknytt dagsenter i eininga. Elvevegen bueining er plassert på Dale og har lett tilkomst med offentleg transport.

I tråd med aukande krav til kompetanse i tenesta til menneske med nedsett funksjonsevne, søkjer me no etter ein engasjert person som brenn for fag- og kompetanseutvikling. Som fagansvarleg vernepleiar vil du ha overordna ansvar for å sikre rett kompetanse gjennom målretta kompetanseheving og kompetanseutvikling. Du vil ha avdelingsleiar som næraste overordna, med tett samarbeid og rapportering til vedkomande. Gjennom stillinga ynskjer me å styrka vårt fagmiljø og utvikla den faglege kvaliteten i avdelinga. Stillinga er fordelt med 40 % fagansvar og 60 % turnus med arbeid kvar fjerde helg (kortvakter).

Velkomen til Elvevegen.


Arbeidsoppgaver
  • Ha overordna ansvar for vidareutvikling og kompetanseheving i form av å planleggja eller halda internundervisning for dei tilsette.
  • Ansvar for å kartleggja faglege behov og gje fagleg rettleiing og rådgjeving til dei tilsette.
  • Kvalitetssikra opplæring av nytilsette og vera kontaktperson for dei.
  • Oppfylging av studentar og lærlingar og vera eit bindeledd mellom praksisplass og studiestad.
  • Fagleg ansvar for tenestemottakarane, og vera rettleiar for faggruppene og primærkontaktar.
  • Kvalitetssikra og vidareutvikla primærkontaktsystemet.
  • Gje fagleg rettleiing inn mot avlasting og dagsenter.
  • Vera pådrivar i kvalitetsarbeid og kompetanseutviklingstiltak, sørge for at rutinar, tiltaksplanar og fagprosedyrar blir vidareutvikla, er oppdatert og at desse blir fylgt opp. 
  • Ansvar for rutinar i forhald til HOL kapittel 9, innføring av CRPD.
  • Vera deltakande og gjennomføra samarbeidsmøte med interne og eksterne samarbeidspartnarar.
  • Bidra til eit godt samarbeid med interne og eksterne samarbeidspartnarar.
  • Bidra i legemiddelhandtering.
  • Andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar og einingsleiar.

Kvalifikasjonskrav
  • 3- årigutdanning på høgskulenivå. Fortrinnsvis vernepleiar, sjukepleiar vil bli vurdert.
  • Interesse, engasjement og gjerne erfaring med fagutvikling.
  • Erfaring innan forbetringsmetodikk og implementeringer ynskjeleg.
  • Ynskjeleg med relevant vidareutdanning.
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
  • Erfaring frå arbeid i bustad og avlasting for menneske med nedsett funksjonsevne.

Personlege eigenskapar:
  • Du er trygg i rolla som vernepleiar og meistrar å engasjere deg sjølv og kollegaer i det faglege arbeidet. 
  • Du arbeider godt sjølvstendig og er god på samarbeid med medarbeidarar, samarbeidspartnarar, pårørande og avdelingsleiar.
  • Du brenn for faget og har fokus på å utvikle tenesta til det beste for tenestemottakarane.
  • Du har høg arbeidskapasitet og høgt nærvær, er løysningsorientert og fleksibel. Du må takla hektiske arbeidsdagar med uføresette hendingar.
  • Du bidrar positivt i arbeidsmiljøet ved å fremja gode haldningar og etisk refleksjon.
  • Du må like å ha eit stort ansvar for system og struktur. 
  • Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr
  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit utviklingsorientert og drivande miljø 
  • Vilkåra er konkurransedyktige, og utviklingsmoglegheitene er gode 
  • Du vil bli ei viktig brikke i eit positivt og dynamisk lag med fagleg dyktige kollegaer


 


Sektor
Offentlig
Sted
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell
FINN-kode
384347880
Sist endret
09. des. 2024 06:03