Sakshandsamar og koordinator for kreft og lindrande omsorg

Arbeidsgiver
Tenestekontoret, Bømlo kommune
Stillingstittel
Sakshandsamar og koordinator for kreft og lindrande omsorg
Frist
01.01.2025
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Bømlo kommune skal stimulera til at innbyggjarane i størst mogeleg grad får hjelp til å meistra eigne liv. Det vert lagt vekt på tidleg innsats og "kva er viktig for deg". Kommunen har høgt fokus på koordinering og samhandling på tvers av faggrupper, verksemder og tenestenivå. Tenestekontoret er koordinerande eining for personar over 18 år og er sett saman tverrfagleg.

I Bømlo kommune er fleire fagkoordinatorar samle på Tenestekontoret. I tillegg til rolla som kooordinator, utøver dei også generell sakshandsaming. Tenestekontoret er ansvarleg for å ta imot og handsame søknader, samt fatte enkeltvedtak og tildele tenester innan helse- og omsorg i Bømlo kommune.

På Tenestekontoret er det no ledig stilling som sakshandsamar og koordinator for kreftomsorg og lindrande behandling.


Arbeidsoppgåver

  • Ta del i kartlegging, vurdering og tildeling av helse- og omsorgstenester
  • Rådgjeving og innbyggjardialog
  • Koordinerande rolle for einskildpersonar som mottek tenester
  • Sakshandsaming etter helse- og omsorgstenestelova
  • Samhandling med spesialisthelsetenesta og andre aktørar internt og eksternt
  • Delta og bidra i nettverksarbeid
  • Særskild ansvar for oppfølging av fagområde kreftomsorg og lindrande behandling på individ- og systemnivå
  • Utviklingsoppgåver og forbetringsarbeid innan fagområde

Kvalifikasjonar

  • Helse- og sosialfagleg høgskuleutdanning med oppnådd bachelorgrad eller høgare
  • Formell utdanning og/eller erfaring frå arbeid med kreftomsorg og lindrande behandling
  • Erfaring frå å møte og støtte menneske i sårbare situasjonar
  • Erfaring frå arbeid med kartlegging og sakshandsaming
  • Erfaring frå tverrfagleg samhandling og koordinering
  • Relevant erfaring frå fleire nivå i helsetenestene kan bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Fagleg tyngde og høg grad av integritet
  • Strukturert og god til rett prioritering av arbeidsoppgåver
  • Set deg raskt inn i nye problemstillingar og kan levere under tidspress
  • God relasjonskompetanse, lyttande og tilgjengeleg for dei som søkjer tenester og dei me skal samhandla med
  • Me ser etter ein positiv og imøtekommande lagspelar
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Me tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Medlemskap med tilsettegoder i velferdsklubben

    Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
    Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn 
    Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25

    Synes du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din. Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med Reidun R. Sortland.

Kontaktinformasjon

Reidun R. Sortland, 482 70 045

Arbeidsstad

Leirdalen 25

5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune


Referansenr.: 4894842541

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Startdato: 15.04.2025

Sluttdato: 09.12.2025

Søknadsfrist: 01.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Leirdalen 25, 5430 Bremnes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Saksbehandler, Sykepleier
FINN-kode
384422643
Sist endret
10. des. 2024 06:20