Reiselivskonsulent vikariat
- Arbeidsgiver
- Tokke Kommune Sentraladministrasjon
- Stillingstittel
- Vikariat som Reiselivskonsulent for tida ved plan, næring og kultureataten
- Frist
- 01.01.2025
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
Vikariat som reiselivskonsulent i 100%-stilling
På grunn av at vår reiselivskonsulent skal ut i permisjon har Tokke kommune ledig stilling som reiselivskonsulent frå 1. februar 2025 og eit år framover. Stillinga er lagt til avdeling for plan, næring og kultur.
Reiseliv er ei stor og viktig næring i Tokke. Vi har store og viktige attraksjonar som Dalen Hotel, Telemarkskanalen, badstoga Soria Moria og Vest -- Telemark Museum.
Vi søkjer etter ein positiv og utadvent person med relevant høgare utdanning som ynskjer å vere med på å utvikle kommunen og reiselivsnæringa vidare.
Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga er:
· Marknadsføring og informasjonsarbeid.
· Nært samarbeid med reiselivsverksemdene i kommunen.
· Deltaking i lokale og regionale samarbeidsprosjekt innan reiseliv.
· Drift av turistkontor, bubilanlegg med kiosk i sommarhalvåret.
· Planlegging og tilrettelegging kring drift og marknadsføring av eigne attraksjonar, som badstoga Soria Moria, soveboks i Bandakslid, m.m.
· Budsjettansvar og økonomioppfølging, med rapportering til kommunalsjef.
· Oppgåver i samarbeid med andre fagfelt for å fremje gode tenester og attraktivitet i Tokke.
· Arbeid kring tilsetjing og oppfølging av turistvertar/guidar.
Ynskjelege kvalifikasjonar:
· Høgare utdanning innan reiseliv og/ eller erfaring frå relevante fagfelt innan reiseliv, informasjonsarbeid og sal/marknadsføring.
· God framstillingsevne i norsk og engelsk, munnleg og skriftleg. Det er ein fordel om du kan fleire andre språk i tillegg.
· Kompetanse innan IKT-arbeid med websider og sosiale media.
· Realkompetanse kan erstatte formalkompetanse.
· Ein må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil.
Personlege eigenskapar som vil bli vektlagt:
Personlege eigenskapar som evne til nytenking, og å vere pådrivar for nye forbetra løysingar innan digitalisering vil bli særleg vektlagt.
· Evne og vilje til å ta initiativ og utvikle gode tilbod og tenester
· Evne og vilje til å tilpasse seg nye situasjonar og metodar
· Evne til å arbeide strukturert og målretta
· Ha gode samarbeidsevne og gjennomføringskraft
· Vere påliteleg, blid og utadvent
Kommunen tilbyr:
· Ein spennande og utadretta jobb i stor etat som samarbeider på tvers
· Variera og utfordrande arbeidsoppgåver men stor grad av sjølvstende
· Løn etter kvalifikasjonar
· Vanlege kommunale tilsetjingsvilkår med pensjons- og forsikringsordningar i KLP
I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Du skal nytte vårt elektroniske søknadsskjema som du finn på www.tokke.kommune.no ledige stillingar.
Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Kopi av attestar og vitnemål sendast på oppmoding eller ved frammøte til intervju.
Nærare opplysningar får du ved å kontakte kommunalsjef Knut Erik Paulsen på tlf. 350 75 200.
Søknadsfrist: 1. Januar 2025.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Storvegen 60, 3880 Dalen
- Stillingsfunksjon
- Kontor og administrasjon, Koordinering, Annet
- FINN-kode
- 384445230
- Sist endret
- 10. des. 2024 09:14