Brenn du for økologi og artskunnskap og ønskjer at kunnskapen skal komme til nytte for samfunnet?

Arbeidsgiver
Artsdatabanken
Stillingstittel
Seniorrådgiver/økolog - Artskunnskap
Frist
06.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Artsdatabanken søkjer no etter ein økolog i fast 100 % stilling til Seksjon for artskunnskap.  

Du vil bli en del av teamet som utarbeider den nye Raudlista for artar, med lansering i 2027. Du får være med på alle fasane i å lage ei raudliste, og du vil bidra med å gjere innhaldet tilgjengeleg og kjent for ulike brukargrupper. 

Du får vere med oss i alle fasane for å sette saman den nye Raudlista for artar fram til lansering. Norsk raudliste for artar er ein oversikt over artar som har risiko for å døy ut frå Noreg. Raudlista er utarbeida av Artsdatabanken i samarbeid med fagekspertar frå mange ulike institusjonar. Over 23 000 arter blir vurdert etter ein metode utvikla av den Internasjonale naturvernunionen IUCN, og Raudlista er dermed den einaste oversikten som dekkjer alle artsgrupper. Lista gjev eit representativt bilde av artenes tilstand og utvikling i alle naturtypar og eit viktig grunnlag for ein kunnskapsbasert forvaltning av artar. Les meir om vårt arbeid med Raudlista her.


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåvene er varierte, og du vil kunne bruke din utdanning innan økologi, dine evner til kommunikasjon og organisering til å: 

  • Følgje opp ekspertkomitear fagleg  og administrativt
  • Sikre kvalitet på faglege vurderingar
  • Analysere data og tilrettelegge metodar
  • Formidle fagstoff igjennom foredrag, diskusjonar og tekstar
  • Bidra til utvikling av nettbaserte presentasjons- og vurderingsverktøy

Andre arbeidsoppgåve kan vere aktuelle ut frå søkarens kompetanse og interesse.


Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • Master i økologi
  • Lang erfaring frå sjølvstendig arbeid innan relevante fagområde
  • God og brei kunnskap om norske arter og deira økologi 
  • Svært god norskkunnskap, både munnleg og skriftleg

 

Det er ønskeleg at du òg har: 

  • Brei kompetanse om fleire ulike artsgrupper 
  • Relevant erfaring med administrative oppgåver
  • God praktisk datadugleik og kjennskap til relevante dataverktøy for å handsame store datamengder 
  • Erfaring med formidling av fagstoff 

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar blir tillagt stor vekt i tilsetninga. Du er ein positiv person, som liker å løyse oppgåver saman med andre. Du presterer under press og tar ansvar, samtidig som du jobbar godt sjølvstendig og med tolmod med oppgåver som kan bli rutineprega. Du må være opptatt av å finne løysningar og ha gode samarbeids- og kommunikasjonsevner. 

Det er viktig at du har eit blikk for kvalitet, og jobbar systematisk og ryddig. Du må også være trygg og komfortabel i vanskelege faglege diskusjonar. Du må ønskje å bidra til å styrke Artsdatabankens faglege og sosiale miljø. 


Vi tilbyr

Artsdatabanken kan tilby eit godt arbeidsmiljø i fine lokale på Pirsenteret i Trondheim. Hos oss får du arbeide med utfordrande og interessante oppgåver knytt til systematisering og formidling av kunnskap om naturmangfald. Vi har fleksitid, heimekontorordning, mogelegheit for trening i arbeidstida og gode sosiale ordningar. 

Stillinga blir løna som seniorrådgjevar i stillingskode 1364 kr 650 000 - 821 000 avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse.


Generell informasjon

Søknaden skal sendes elektronisk. Legg ved elektroniske kopiar av relevante attester og vitnemål. Søknaden må skrivast på norsk, og eventuelle vitnemål frå utlandet skal vere oversett til norsk og NOKUT-godkjende. Artsdatabanken nyttar eit rekrutteringsbyrå i denne tilsettinga. All kontakt med Jefferson Wells er konfidensiell, òg overfor Artsdatabanken i innledande fase om du ønskjer det. 

Tilsetting skjer på dei vilkåra som til kvar tid gjeld for tilsette i staten, og den som vert tilsett må rekne med at det kan skje endringar av arbeids- og ansvarsområde. Dei første seks månadene er prøvetid. 

Artsdatabanken har eit godt arbeidsmiljø er preget av mangfald. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søke uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Vi oppmodar deg som har nedsett funksjonsevne eller hull i CV-en (minst to av de fem siste årene) om å krysse av for dette når du søker. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. 

Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må det særskilt grunngjevast i søknaden. Du får beskjed dersom ønsket om reservasjon ikkje kan takast til følgje. 

Arbeidssted er Trondheim. 

Tiltreding 1. februar 2025 eller etter avtale. Vi ønsker gjerne at du viser din interesse i god tid før fristens utløp.


Sektor
Offentlig
Sted
Havnegata 9, 7010 Trondheim
Stillingsfunksjon
Annet, Rådgivning, Ingeniør
FINN-kode
384455682
Sist endret
10. des. 2024 10:33