Bli ein viktig del av kvardagen til våre bebuarar - ny spennande stilling på sjukeheim!

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Vindafjordtunet
Stillingstittel
Servicemedarbeidar
Frist
06.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me søker servicemedarbeidar i 100% stilling, med arbeid på dagtid måndag til fredag frå kl. 08.00 til kl. 15.30. Stillinga krev ikkje helsefagleg utdanning.

Er du ein omsorgsfull og engasjert person som liker å jobba med menneske? Ønsker du ein meiningsfull jobb kor du kan gjer ein forskjell i nokon sin kvardag? Då kan stillinga som servicemedarbeidar på sjukeheimen vår vera den perfekte moglegheita for deg!

Som servicemedarbeidar får du ein unik moglegheit til å vera tett på bebuarane, bidra til deiras velvære og skapa lysglimt i kvardagen. Du vil spela ei viktig rolle i å sikra eit trygt og hyggeleg miljø for våre bebuarar, og du vil saman med andre dedikerte kollegar jobba for å gjer kvardagen betre for dei.

Me søker etter deg som ønsker ein variert arbeidskvardag der du kan vera med å forma innhaldet i bebuaranes dag gjennom praktiske oppgåver og nærvær. Du vil vera ei viktig støtte i dei daglege rutinane og bidra til trivsel i både fellesarealer og på bebuarane sine rom.

Dette er ein givande jobb, og me ser etter deg som er løsningsorientert, ansvarleg, og har ein naturleg evne til å skapa gode relasjonar. Dersom du er positiv, påliteleg og har eit ønske om å gjer ein forskjell i andre sitt liv, vil me gjerna høyra frå deg!

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Bestilla mat frå kjøkken.
  • Dekkja og rydda av bord.
  • Tilbereda og servera måltider.
  • Henta middagstraller og klestraller.
  • Halda orden på skyllerom, bebuararne sine rom, fellesareal, lager og kjøkken.
  • Påfyll på lager og pasientrom.
  • Reinhaldsoppgåver.
  • Skylleromsarbeid.
  • Eventuelt andre oppgåver innafor drift.

Arbeidsoppgåvene vil kunne endras ved behov.

Kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå tilsvarande stilling eller arbeidsoppgåver vil vera ein fordel, men ikkje eit krav. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
  • Du må beherska norsk godt, både skriftleg og munnleg. Søkarar frå land utanfor Skandinavia må ha bestått norskprøve på nivå B2 eller tilsvarande. Dokumentasjon må leggast ved søknaden.

Personlege eigenskapar:

  • Gode haldningar og evne til etisk refleksjon.
  • Trives med å jobba med menneske.
  • Blid og ein god teamarbeidar.
  • Jobbar målretta og sjølvstendig.
  • Løysningsorientert og fleksibel.
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø.
  • Har god ordenssans og er ryddig.
  • Kreativ og engasjert.

Me kan tilby:

  • Ein jobb med meining og utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. 

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Kårhusvegen 5, 5578 Nedre Vats
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
FINN-kode
384598074
Sist endret
11. des. 2024 02:03