Sjukepleiar, 100 % stilling
- Arbeidsgiver
- Skjåk Kommune Sentraladministrasjon
- Stillingstittel
- Sjukepleiar, 100 % stilling
- Frist
- Snarest
- Ansettelsesform
- Fast
Beskrivelse
Skjåk kommune har ledig 100 % stilling som sjukepleiar, stillinga er for tida i 3-delt turnus på Skjåkheimen. Andre stillingar kan og bli ledige.
Arbeidsområde
Skjåkheimen er ein sjukeheim med 24 plassar. Her er det både korttidsplassar, langtidsplassar og rehabilitering. Det er nær samhandling mellom heimetenesta og sjukeheimen. Vi har ei målsetting om å vere ein sjukeheim der både bebuarar og tilsette skal trivast i kvardagen.
Skjåk kommune har godt utbygd heimesjukepleie og praktisk bistand, og har over lang tid satsa på å byggje ut omsorgsbustader som ligg sentrumsnært. 14 av bustadane ligg under same tak som sjukeheimen.
Andelen tilsette med fagutdanning er høg. Skjåk kommune prioriterer lokalt og interkommunalt utviklingsarbeid.
Kvalifikasjonar
-
Godkjent sjukepleiar med norsk autorisasjon
-
Førarkort klasse B
-
Godkjent politiattest
Vi vektlegg at du
-
er motivert for å arbeide med eldre og arbeider for å oppretthalde kvardagsmestring hjå brukarane
-
er fagleg engasjert og vil halde deg oppdatert
-
viser fleksibilitet i høve til omstillingar, er løysningsorientert og kan prioritere i ein travel kvardag
-
samarbeider med samarbeidspartar som; pårørande, Skjåkheimen, legevakt og spes.helsetenesta
-
har godt humør og vilje til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
-
har god norskkunnskap, kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
-
har evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
-
har erfaring frå liknande arbeid
-
har generell forståing for bruk av informasjonsteknologi
-
dokumenterer i høve til lover og forskrifter
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
-
Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale
-
Pensjonsordning
Ynskjer du å bu og jobbe i ei fjellbygd med gode arbeidsplassar og fritidsmoglegheiter?Nå kan du prøvebu i Skjåk. Skjåk kommune har bustadar som ein kan leige/prøvebu i, gå inn på lenka under for meir informasjon:
https://www.skjaak.kommune.no/tenester/naring-landbruk-og-miljo/sats-pa-skjak/provebustadar/provebu/
Spørsmål kan rettast til Ingvild Mork mobil 489 97 924.
Fortløpande søknadsfrist!
-
Elektronisk søknadsskjema
-
Søkjarlista vil bli offentleggjort
Kommunedirektøren
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Moavegen 30, 2690 Skjåk
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier, Helsepersonell
- FINN-kode
- 384604271
- Sist endret
- 11. des. 2024 12:10