Styrar i barnehagane på Felle og Fjone - 2. gongs utlysing

Arbeidsgiver
Eining for oppvekst og kultur, Nissedal kommune
Stillingstittel
Styrar i barnehagane på Felle og Fjone (2. gongs utlysing)
Frist
05.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Frå 01.01.25 er det ledig stilling som styrar i Felle og Fjone barnehagar.

Felle og Fjone har kvar si grendebarnehage, med ei avdeling kvar. 

Det er 80% stilling, 40% per barnehage. 

Vi vil leggje til rette for 100% stilling dersom dette er ønskjeleg, då i kombinasjon med andre pedagogoppgåver i 20% stilling.

     

Arbeidsoppgåver

Styraren er barnehagen sin leiar og har fullt ansvar for fag, økonomi og personell. Kommunalsjef for oppvekst og kultur er næraste overordna, og du vil bli ein del av leiargruppa for oppvekst og kultur, saman med andre styrarar, rektorane og kultursjefen. I organisasjonskartet er styrar omtala som avdelingsleiar. Avdelingsleiarar får jamleg opplæring felles i ulike tema innan alle ansvarsområda. Det ligg føre stillingsomtale.

Kvalifikasjonar

Barnehagelærarutdanning

Erfaring som styrar eller annan relevant leiarerfaring er ønskjeleg.



Personlege eigenskapar

Interesse for å leie andre
Gode faglege kunnskapar og interesse for fagleg utviklingsarbeid
Samarbeidsevne og fleksibilitet
Omstillingsevne
God relasjonskompetanse
Pågangsmot

Vi tilbyr

Eit spennande fagmiljø i eining for oppvekst og kultur. Styrarar deltek i månadlege styrarsamlingar og leiarmøte med alle avdelingsleiarar i eininga. 

Nissedal kommune har fokus på god leiaropplæring og høve til fagleg utvikling.

Du vil få køyregodtgjersle for køyring mellom barnehagane.

Løn etter gjeldande avtaleverk.

 

Kontaktinformasjon

Reidun Carol Retterholt, Kommunalsjef for oppvekst og kultur, +47 95921972

Arbeidsstad

Fjonevegen 2238

3855 Fjone

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Nissedal kommune


Referansenr.: 4893374680

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 05.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Fjonevegen 2238, 3855 Treungen
Stillingsfunksjon
Ledelse
FINN-kode
384606164
Sist endret
11. des. 2024 02:09