ID 2263 Avdelingsleiar avlasting og oppfølging - Eining for habilitering

Arbeidsgiver
Stord kommune
Stillingstittel
Vernepleiar, sjukepleiar, anna relevant sosialfagleg utdanning
Frist
05.01.2025
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Avdeling for avlastning og oppfølging er i dag ein del av Eining for habilitering i sektor for rehabilitering, helse og omsorg (RHO). Frå nyttår skal avlasting og oppfølging av born og unge i sin heilskap vera organisert under sektor for oppvekst og kultur(OKU). Dette er eit ledd i Stord kommune sitt arbeid for å sikra heilskaplege tenester til barn og unge. Avdelinga vert då ein del av eininga Førebyggjande tenester.

Avdelinga har base i avlastingsbustaden i Sævarhagen, der ein flytta inn i heilt nytt og moderne bygg i 2023.

Det er ledig fast 100% stilling som avdelingsleiar for avlasting og oppfølging.

Me søkjer ein leiar som

  • vil utvikla og leia arbeidet i avdelinga i samarbeid med tenestemottakarar, føresette og tilsette

  • er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på å sikra kvalitet av tenestene og har evne til å nå dei måla ein set

  • er godt kjend med og har god kompetanse på gjeldande lover og forskrifter for området og kommunen sine plikter i medhald av desse

  • har arbeidsglede, godt humør og gode samarbeidsevner

  • er positiv, engasjert, strukturert og samlande

  • veit korleis ein skal byggja ein god organisasjonskultur og har evne til å skapa eit godt utviklings- og arbeidsmiljø

Arbeids- og ansvarsområde for avdelingsleiar:

  • Dagleg drift i Sævarhagen avlastingsbustad, følgje opp private avlastarar og vedtak om omsorgsstønad.

  • Følgja opp eininga og avdelinga sine målsettingar

  • Ansvar for at me yt tenester av god kvalitet innanfor tildelte rammer og i samsvar med tenestemottakarane sine vedtak og plan for tiltak

  • Personaloppfølging

  • Samarbeida og dele kompetanse på tvers av avdelingar og einingar

  • Kjenne til og nytta seg av avdelingane sine prosedyrar og rutinar

  • Turnusplanlegging

  • Internkontroll

Kvalifikasjonskrav:

  • Søkjarane bør vera vernepleiar eller sjukepleiar, men anna relevant utdanning på bachelornivå vil og kunna verta vurdert.

  • Kompetanse og erfaring innan administrasjon/ leiing vil bli vektlagt.

  • I tillegg til formell kompetanse og erfaring vil ein og leggja vekt på personleg eignaheit til stillinga.

  • Førarkort klasse B er ein fordel.

Me kan tilby:

  • Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø

  • Godt arbeidsmiljø

  • Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt, trimrom og utleige av tilhengar mm.

  • Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk

  • Offentleg tenestepensjon i KLP.

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Nærare opplysningar får ein ved å venda seg til einingsleiar for Førebyggjande tenester Birthe Blokhus tlf. 920 64 415

Sektor
Offentlig
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
384711915
Sist endret
12. des. 2024 09:30