Miljøterapeut vikariat
- Arbeidsgiver
- Helse, omsorg og velferd, Bu og habilitering
- Stillingstittel
- Miljøterapeut
- Frist
- 31.12.2024
- Ansettelsesform
- Vikariat
Beskrivelse
I Ørsta kommune er det for perioden 1.1.2025-30.11.2025 ledig vikariat for miljøterapeut. Stillinga er f.t. plassert i tenesteområde Bu og habilitering, Dalevegen 30-32.
Tenesteområdet bu og habilitering yter tenester til menneske med utviklingshemming eller andre funksjonsnedsetjingar som treng tenester i form av praktisk bistand, opplæring, aktivisering i kvardagen, helsetenester i heimen og avlastning for barn og unge. Hjå bu og habilitering får du jobbe tverrfagleg med andre yrkesgrupper og instansar. Vi søkjer deg som har erfaring frå eller har interesse for arbeid med menneske med ulike utfordringar og behov, som likar å jobbe med varierte oppgåver i team og sjølvstendig. Avdelingane i bu og habilitering har døgndrift gjennom heile veka, arbeid på helg skal samsvare med behovet på avdelinga. Vi jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom heile døgnet og året. Du vil kunne få moglegheit til å gå langvakter på helg og i vekene. Dette vil gi deg fleksibel turnusordning og ein trygg arbeidskvardag med kjende kollegar på vakt.
Tenesteområdet har hatt ei auke i oppdrag siste åra noko som gir rom for fagleg utvikling og utfordringar i arbeidskvardagen. Tenesta har eit stort fokus på fag og den enkelte brukar si utvikling og behov. Vi søkjer etter deg som kan vere med å bidra inn i eit godt fag- og arbeidsmiljø, har godt humør og ståpåvilje.
Arbeidsoppgåver
- leggje til rette for at den enkelte tenestemottakar skal ha ei tilbod som fremjer eigen kvardag der dei har medbestmmelse og er aktiv deltakar i eigen kvardag
- motivere til aktivitet, og bidra til opplæring av daglege gjeremål, ADL-ferdigheiter og meistring av eigen kvardag
- sjå den enkelte tenestemottakar og deira behov ut i frå dei ressursar vi har tilgjengeleg
- bidra til å skape ein trygg og forutsigbar kvardag
- lage gode planar og rutiner kring den enkelte ut i frå føresetnader og behov
Kvalifikasjonar
- 3 årig helse- eller sosialfagleg høgskuleutdanning, søkjarar med pedagogisk utdanning kan og søkje og bli vurdert for stillinga
- Du må ha førarkort klasse B, helst med manuell gir
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
- Relevant arbeidserfaring
Personlege eigenskapar
- kunnskap og interesse for og erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming
- at du er engasjert, fleksibel og løysingsorientert
- evne og ferdigheiter til å jobbe målretta, systematisk og sjølvstendig
- evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Vi tilbyr
- gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- eit arbeidsmiljø med fokus på godt fagleg innhald og meistring
- gode kollegar og trivleg arbeidsmiljø
Arbeidsvilkår: dag/kveld inkl. helgar
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 Gr.2 - stillingar med krav om min. 3-årig høgskuleutdanning
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf. AML §14.2
Om offentleg søkjarliste: I samsvar med offentleglova §25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg meirinnsynpå valeg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnalg for fritak, vil søkjaren verte kontakta og får tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Alice Karina Vervik, Avdelingsleiar, 47645722, alice.karina.vervik@orsta.kommune.noGuro Bakke Liaskar, Tenesteleiar, 901 03 223, guro.bakke.liaskar@orsata.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 30-326153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4892775750
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.01.2025
Sluttdato: 30.11.2025
Søknadsfrist: 31.12.2024
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Dalevegen 30-32, 6153 Ørsta
- Stillingsfunksjon
- Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid
- FINN-kode
- 384729321
- Sist endret
- 12. des. 2024 12:08