Miljøterapeut ved Åheim skule

Arbeidsgiver
Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst
Stillingstittel
Miljøterapeut i skulen
Frist
01.01.2025
Ansettelsesform
Engasjement

Beskrivelse

 

Engasjement som miljøterapeut ved Åheim skule inntil 100% ut skuleåret 2024/2025.

Vi søkjer ein engasjert miljøterapeut som vil bidra til å styrke læringsmiljøet og trivselen for elevane våre.

Som miljøterapeut vil du jobbe tett saman med både elevar og tilsette, og vere ein viktig ressurs i skulen sitt miljøarbeid. Stillinga krev sjølvstende, initiativ og evne til å byggje gode relasjonar med elevar, kollegaer og føresette.


Arbeidsoppgåver

  • Støtte enkeltelevar og elevgrupper i skulekvardagen og bidra til sosial meistring både på skulen og SFO.
  • Samarbeide med lærarar og andre tilsette om tilrettelegging og oppfølging.
  • Støtte elevane i skulekvardagen og bidra til sosial meistring.
  • Utvikle og gjennomføre tiltak som fremjar trivsel og godt læringsmiljø.
  • Bidra til konfliktløysing og førebyggjande arbeid.
  • Vere ein trygg vaksen person som elevane kan stole på.

Kvalifikasjonar

  • Utdanning som vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog.
  • Personar med annan relevant kompetanse kan også søke.
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge er ønskjeleg
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og strukturert.
  • Gode samarbeidsevner og høg kommunikasjons- og relasjonskompetanse.

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt. Tilsetjing føreset godkjent politiattest.

Er du den vi leitar etter?

Vi ser fram til å høyre frå deg.

Vi tilbyr

Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer

Moglegheit til å påverke og utvikle miljøarbeidet ved skulen

Søknad skal sendast gjennom kommunen sitt søknadsskjema. CV skal fyllast inn i søknaden. Gjer vel å gje opp referansar. Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

Kontaktinformasjon

Ole Martin Brudevoll, Rektor Åheim skule, 98892465, ole.martin.brudevoll@vanylven.kommune.no

Arbeidsstad

Ospelida 4

6146 Åheim

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vanylven kommune


Referansenr.: 4893733755

Stillingsprosent: 100%

Engasjement

Startdato: 06.01.2025

Sluttdato: 31.07.2025

Søknadsfrist: 01.01.2025

Sektor
Offentlig
Sted
Ospelida 4, 6146 Åheim
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Undervisning og pedagogikk, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
384749097
Sist endret
12. des. 2024 02:00