Rådgjevar innkjøp og avtalar

Arbeidsgiver
Sognekraft AS
Stillingstittel
Rådgjevar innkjøp og avtalar
Frist
06.01.2025

Beskrivelse

Rådgjevar innkjøp og avtalar

Er du vår nye nøkkelperson som innkjøpsrågjevar?

Er du klar til å spele ei nøkkelrolle i å forvalte store verdiar og ta smarte val som påverkar samfunnet? Likar du å byggje gode relasjonar? Då kan du vere den vi leitar etter!

Sognekraft er eit energikonsern som skal vere ei drivkraft i Sogn. Vi treng deg som ser moglegheiter der andre ser utfordringar, og som kan styre innkjøp og avtaleoppfølging. Saman med konsernadvokaten blir du viktig i å gi råd innan innkjøp og avtaleforvaltning for bygging og drift av vasskraftverk, straumnett og fibernett. Klar for å gjere ein skilnad?

Arbeidsoppgåver

  • Rådgje i anskaffingar frå behovet oppstår til avtalen er inngått. Dette inneber å planleggje anskaffingsprosessar, utarbeide strategiar, konkurransedokument og kunngjeringar.
  • Bistå i forhandlingar, evalueringar og tildeling av kontraktar.
  • Støtte og rådgjeving innan reglane for offentlege anskaffingar.
  • Gi strategiske råd om avtalar basert på verdi og behov i konsernet, og rådgiving om prioriteringar for å maksimere gevinstar.
  • Sørgje for at konsernet følgjer styringsinstruksane – alt frå å følge opp rapportering og vurdering av leverandørane sine prestasjonar, med mål om god økonomistyring.

Kvalifikasjonar
Du har høgare utdanning innan rettsvitskap eller økonomi. Relevant erfaring er ein fordel, og kan erstatta kravet til høgare utdanning.

Er du klar for ein jobb innan fornybar energi?
Du passar til jobben om du har du interesse for utfordrande kontraktar og innkjøpsavtalar, og ønskjer å finne dei gode løysingane med oss andre i konsernet.

Stillinga krev at du er initiativrik, jobbar effektivt, tek ansvar og er ein pådrivar. Du må også vere omgjengeleg med gode samarbeids- og kommunikasjonsevner.

Ta gjerne kontakt med konsernadvokat Tor Kvam Goksøyr på tlf. nr. 99259415 om du har spørsmål.

Før vi ønskjer den rette kandidaten velkomen til oss, vil vi gjennomføre ein bakgrunnssjekk og personkontroll i samsvar med kraftberedskapsforskrifta. Aktuelle kandidatar vil få nærare informasjon om dette.

Søk på stillingen via “søk på stilling” knappen på denne siden

Fordeler hos oss

Løns- og arbeidsvilkår

Gode vilkår, forsikringar og pensjonsordningar.

Godt arbeidsmiljø

Kjekke og framoverlente fagmiljø, med vekt på utvikling og inkludering.

Meiningsfull jobb

Me skal utvikla straumnettet for framtida, tilpassa klimaendringar og ekstremvêr, Vi produserer rein fornybar energi.

Sektor
Privat
Sted
6893 Vik i Sogn
Stillingsfunksjon
Innkjøp/forhandling, Rådgivning, Jurist
FINN-kode
384827063
Sist endret
13. des. 2024 07:42